Hopp til innhold

Tyrkia bryt alt samarbeid med Frankrike

Tyrkia bryt alt politisk, økonomisk og militært samarbeid med Frankrike på grunn av at den franske nasjonalforsamlinga har vedteke eit omstridd lovforslag.

Tyrkias statsminister Tayyip Eerdogan.

Tyrkias statsminister Tayyip Erdogan bryt alt samarbeid med Frankrike på grunn av ei ny fransk lov.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Det var ein tydeleg sint tyrkisk statsminister, Recep Tayyip Erdogan, som sa dette i ettermiddag. Han gjorde det også klart at den tyrkiske ambassadøren i Frankrike vil bli kalla heim til Tyrkia.

Frå den franske nasjonalforsamlinga.

Den omstridde lova vart vedteken med stort fleirtal i den franske nasjonalforsamlinga.

Foto: JACQUES DEMARTHON / Afp

– Dette opnar alvorlege sår som ikkje kan legast. Den franske lova representerer ein politikk basert på rasisme, diskriminering og framandfrykt, seier den tyrkiske statsministeren.

Folkemord på armenarar

Dette skjer etter at nasjonalforsamlinga i Frankrike har vedteke ei lov som gjer det ulovleg å hevde at det Tyrkia ikkje gjorde seg skuldig i folkemord mot armenarane under første verdskrigen.

Armenia meiner, med støtte frå mange historikarar, at det osmanske riket bevisst tok livet av rundt 1,5 millionar kristne armenarar i det som i dag er det austlege Tyrkia.

Tyrkia meiner skuldingane om folkemord er ei fornærming av tyrkarane som folk og nasjon. Statsminister Erdogan seier at armenarane vart drepne som følgje av krigen.

Den nye franske lova gjer at dei som i Frankrike offentleg hevdar at folkemordet ikkje fann stad, kan straffast med inntil eitt års fengsel eller ei bot på opp til 45.000 euro, nesten 360.000 norske kroner.

Tyskland og Austerrike

Nasjonalforsamlinga fatta vedtaket i dag med overveldande fleirtal, men lova må også vedtakast også i Senatet, som skal behandle saka over nyttår.

Lover som forbyr fornekting av folkemord er å finne i fleire land. I Tyskland og Austerrike er det straffbart å fornekte folkemordet mot jødane under andre verdskrigen.

Det vart gjort forsøk på å forme ut lovteksten meir generelt slik at Tyrkia ikkje skulle bli støytt, utan at det lukkast. Dei tyrkiske reaksjonane blir av observatørar skildra som svært sterke.

SISTE NYTT

Siste nytt