Hopp til innhold

Tyrkia avviser kritikk

President Recep Tayyip Erdogan avviser kritikken frå dei internasjonale valobservatørane. – Det er uakseptabelt å hevde at folkeavstemminga ikkje heldt internasjonal standard, seier det tyrkiske utanriksdepartementet.

TURKEY-POLITICS/

President Recep Tayyip Erdogan vinkar til støttespelarar ved Eyup Sultan-moskeen i Istanbul måndag.

Foto: MURAD SEZER / Reuters

Dei internasjonale valobservatørane frå OSSE og Europarådet var inviterte av det tyrkiske utanriksdepartementet for å sjå om folkeavstemminga søndag blei gjennomført i samsvar med internasjonale standardar.

Måndag la dei fram ein førebels rapport. Der slo dei fast at folkeavstemminga ikkje gjekk rett for seg. Veljarane fekk ikkje tilgang til upartisk informasjon, ifølgje observatørane.

I ein tale presidentpalasset i Ankara måndag kveld sa president Recep Tayyip Erdogan at han ikkje kan akseptere observatørane sin konklusjon. Han bad observatørane om å «kjenne sin plass».

Nokre timar tidlegare sa utanriksdepartementet i Tyrkia at det er uakseptabelt å hevde at folkeavstemminga ikkje heldt internasjonal standard. Departementet meiner utsegnene frå observatørane ikkje er objektive.

– Tidlegare «politisk ladde» kommentarar frå OSSE-observatørar viser at observatørkorpset kom til Tyrkia med fordommar, at dei har sett til side kravet om å vere upartiske, heiter det i ei fråsegn måndag.

Ein talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet seier at USA merkar seg kritikken frå valobservatørane, men stiller ikkje spørsmål ved sjølve valresultatet. Fungerande talsperson Mark Toner seier at USA oppfordrar tyrkiske leiarar til å respektere opposisjonen og retten til å kunne uttale seg fritt.

– Demokratiet blir sterkare gjennom å vise respekt for ulike syn, spesielt i vanskelege saker, seier Toner. – USA vil halde fram med å støtte den demokratiske prosessen i Tyrkia. Her er respekt for lova og respekten for frie medium heilt avgjerande, legg han til.

Folkeavstemminga skulle avgjere om president Recep Tayyip Erdogan skulle få meir makt. Etter at 99 prosent av stemmene var talde opp, hadde ja-sida fått 51,3 prosent av stemmene.

SISTE NYTT

Siste nytt