Tyrkarane redde for fleire kurdarar

Kurdarar i det syriske grenseområdet mot Tyrkia lever i frykt for krigen skal spreie seg. Samtidig er tyrkarane redde for at dei skal få ny inspirasjon for å krevje ein eigen stat.

Kurdarar i grenseområdet ved Syria lever i frykt for krigen skal spreie seg. Samtidig er tyrkarane redde for at dei skal få ny inspirasjon for å krevje ein eigen stat.

KLIKK FOR VIDEO: Fleire og fleire kurdiske flyktningar forlét no Syria. Sidsel Wold rapporterer frå den tyrkiske grensa.

– Tyrkia er redde for ein straum av kurdarar inn i landet. Kurdistan sitt Arbeiderparti har teke over tre byar i Syria på grensa mot Irak, og styresmaktene i Tyrkia er veldig redde for at kurdarane får ein ny inspirasjon for å kjempe for sjølvstende i Tyrkia.

Sidsel Wold

NRK-journalist Sidsel Wold befinn seg på den tyrkiske grensa mot Syria.

Foto: NRK

Det seier tidlegare Midtausten-korrespondent for NRK, Sidsel Wold. Ho er blant journalistane som no befinn seg ved den syriske grensa i nord.

Dei tyrkiske vegane mot Syria er så og seie forlatne. No kjem ein ikkje lenger enn til den tyrkiske sida av grensa. Journalistar held til på grensa og ventar på siste nytt frå den andre sida. Dei har venta lenge, for grensa har vore stengt dei siste fem dagane.

Til saman 43 000 syrarar har flykta til Tyrkia gjennom konflikten. No vert dei stoppa av tyrkiske soldatar og vert sendt tilbake.

– No i kveld får me høyre at islamistane har teke kontrollen. Ved ei anna grense er det opposisjonen, ved Den frie syriske hæren, som har teke kontrollen. Dei samarbeidar med tyrkiske styresmakter, seier Wold.

Redde for oppblomstring

Det at islamistane tek kontrollen ved grensa gjer at tyrkarane er redde for at dei skal få ei oppblomstring av kurdarar i landet.

Det kurdiske arbeidarpartiet har kjempa for sjølvstende i Tyrkia i 28 år, og meir enn 40.000 menneske har døydd i denne seperatistkonflikten.

Dei kurdiske områdene i Syria har for det meste slept unna dei verste herjingane i den 16 månadar lange valdsperioden i landet. Kurdarane nyttar difor høve til å dra til Tyrkia for å ta del i den fridomen som deira kurdiske brør har i dette landet.

Dette har skapt frykt i Tyrkia for at det i framtida kan bli krav om ein kurdisk stat i den nordlege delen av Syria.

Kurdervenleg styre i Syria

Faren til presidenten i Syria, Hafez al-Assad, beskytta i mange år den kurdiske leiaren Abdullah Ocalan. Det slutta då Tyrkia truga med invasjon i 1998. Men president Bashar al-Assad har hatt eit mykje betre samarbeid med tyrkiske styresmakter ved å slå ned på den kuriske fraksjonen i landet.

Tyrkiske politikarar vil førebels ikkje offisielt seie noko om dei har frykt for etableringa av ein kurdisk stat.

– Me er ikkje bekymra for det. I nokre små område har det vore ulovleg flagging av det kurdiske flagget, men det er ikkje slik at kurdarane har kontroll over området, sa visestatsministeren i Tyrkia, Besir Atalay til nyheitsbyrået Reuters.

Opposisjonen: – 30 drepne i dag

Opptil 30 menneske vart skotne og drepne av regjeringsstyrkar og milits ved ein moské i Syria tysdag, ifølgje opposisjonen i landet.

Åtaket skal ha skjedd i ein landsby nordvest for byen Hama i det folk kom til moskeen for å be.

– Soldatar og medlemmer av Shabbiha-militsen drog frå vegsperringa ved utkanten av Shariaa, kryssa hovudvegen og byrja å skyte med automatvåpen mot dei truande, seier ein syrisk regimemotstandard til nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt