Hopp til innhold

Tyfonen «Roke» tok liv i Japan

I Japan har ei 101 år gammal kvinne og minst ni andre menneske mista livet i herjingane til tyfonen «Roke».

Tyfon Japan Bølge

Den kraftige tyfonen Roke slår inn over hamnebyen Kiho i Mie-distriktet på Honshu-øya.

Foto: Chunichi Simbun / Reuters

I tillegg er fem personar sakna og fleire hundre skadde, ifølgje dei statlege nyheitsbyråa NHK og Jiji Press.

Passerte kjernekraftverket

Tyfonen har sett djupe spor etter seg på hovudøya Honshu og nordaust i Japan, der øydeleggingane allereie var enorme etter tsunami-katastrofen i mars i år.

Roke har hamra laus og ført til store overfløymingar og jordskred. Over éin million innbyggjarar vart evakuerte då Roke nærma seg land.

Japan heldt pusten då den kraftige stormen passerte kjernekraftverket i Fukushima, som blei øydelagt i jordskjelvet og tsunamien.

Arbeidarar jobbar framleis for fullt for å hindra at radioaktiv stråling slepp ut frå dei skadde reaktorane, men det havarerte kraftverket kom frå stormen utan nye skadar.

«Talas» tok 100 liv

Ei rekkje kraftige stormar har råka Japan dei siste månadene. I august var det tyfonen Talas som hamra laus på det austasiatiske landet, og etterlét seg minst hundre døde eller sakna personar.

Meteorologane i landet seier torsdag at Roke er på veg vekk frå Japan. Det er venta at tyfonen vil bli redusert til eit ekstratropisk lågtrykk i løpet av dagen.

JAPAN-TYPHOON/

Soldatar frå det japanske forsvaret reddar ut folk frå overfløymde hus i Koriyama i Fukushima-distriktet.

Foto: HO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt