Hopp til innhold

Twitter-rot om Snowden-asyl

Eit russisk parlamentsmedlem meldte på Twitter at varslaren Edward Snowden har akseptert politisk asyl i Venezuela. Like etter vart meldinga sletta.

Edward Snowden

Edward Snowden befinn seg framleis i transit-sona ved flyplassen i Moskva.

Foto: The Guardian / Reuters

Presidenten i Venezuela Nicolás Maduro stadfesta i helga at landet beslutta å tilby asyl til Edward Snowden. I dag meldte alle dei store nyheitsbyråa at Snowden aksepterte dette tilbodet.

Bakgrunnen var ein twitter-melding på profilen til den russiske politikaren Alexei Pushkov, som er leiar av utanrikskomiteen i underhuset i det russiske parlamentet.

Trakk meldinga

– Som forventa så aksepterte Snowden tilbodet til Maduro om politisk asyl, skreiv Alexei Pushkov på Twitter.

Kort tid etter er denne meldinga blitt fjerna frå nettstaden.

No skriv politikaren at han hadde fått informasjonen frå ei nyheitssending på kanalen Vesti-24, og ikkje hadde høyrt noko sjølv.

– Still spørsmåla til dei, skriv politikaren.

Søkt asyl i mange land

30 år gamle Edward Snowden søkte tidlegare asyl i ei rekkje andre land, men er blitt avvist av samtlege som har ytra seg om saka. Noreg er blant landa som har nekta Snowden asyl.

Edward Snowden befinn seg framleis i transit-sona ved flyplassen i Moskva, etter å ha reist frå Hongkong, der han først opphaldt seg.

Saka vert utvida.

SISTE NYTT

Siste nytt