Hopp til innhold

TV-kanal i Syria under angrep

Tre tilsette vart i dag drepne under eit angrep på ein regimevenleg TV-kanal i Syria.

Ifølgje det statlege nyheitsbyrået i Syria vart TV-kanalen al-Ikhbariya angripen av væpna folk tidleg onsdag morgon. Tre tilsette i kanalen vart drepne i angrepet, melder AP.

Angrepet skjedde i hovudkvartalet til TV-kanalen i byen Drousha, rundt 20 kilometer sør for hovudstaden Damaskus.

– Eg var livredd

Ein av dei tilsette fortalte at ein av dei væpna menna storma to av bygningane, tok vaktene til fange og sprengte deler av bygningane.

Den tilsette, som ikkje ønskjer å fortelje namnet sitt, sa at ein av gjerningsmennene tok bind framfor auga hans, og køyrte han rundt 200 meter vekk, der han høyrte eksplosjonar.

– Eg var livredd, sa mannen på telefon.

Nyheitsstudioet skal ha blitt totaløydelagt under angrepet, melder det statlege nyheitsbyrået.

Regimevenleg

TV-kanalen al-Ikhbariya er privat eigd, men den er ein svært lojal støttespelar til Bashar Assad

Den syriske pressa er strengt regulert av informasjonsdepartementet i Syria. Gjennom den 16 månader lange uroen i landet, har al-Ikhbariya forsøkt å vere ein motvekt til nyheitsdekninga til vestlege og arabiske satelittkanalar, som dei skildrar som propaganda.

TV-kanalen haldt fram med sendingane kort tid etter at angrepet fant stad.

SISTE NYTT

Siste nytt