Programleiaren varsla etter kveldssendinga i går at journalistane ville gå ut i gatene og støtte dei fleire hundre tusen menneska som demonstrerer mot regimet i gatene i Kiev.
- Frå no av er vi ein uavhengig fjernsynsstasjon, seier representantar for journalistane i UT1 til BBC.
Dette har medført at UT1 no har byrja å sende direkte frå opposisjonen sine demonstrasjonar, og har endra totalt profil. Stasjonen har tidlegare gitt full støtte til den offisielle vinnaren av presidentvalet, Viktor Janukovitsj, og lydig vidareformidla sensuerte meldingar.
Det var i denne fjernsynskanalen at døvetolken Natalia Dmitrouk på tegnspråk gjorde sjåarane merksame på at det programleiaren sa ikkje var sant, då dei melde om det offisielle valresultatet. Dette var det første synlege teiknet på eit opprør blant journalistane.
Sebastian Usher, media-korrespondent i BBC, trur ukrainske journalistar har teke til seg oppmodinga frå opposisjonsleiaren Viktor Jusjtsjenko om å nekte å late seg sensurere av styresmaktene.
Også ein privat fjernsynsstasjon som har støtta det sitjande regimet, One Plus One, har teke same standpunktet. Nyhetsredaktøren i kanalen trekte seg i dag, truleg etter press frå journalistane. Desse har nekta å produsere nyheitsbulletinar som er sensurerte av styresmaktene.
Nyheitsprodusent Aleksander Rodnianski i One Plus One seier til BBC at journalistane kjenner sitt ansvar for å levere balanserte nyheiter, og at dei tidlegare har vore utsette for press frå styresmaktene.
Tidlegare har dden private fjernsynsstasjonen Kanal 5 vore den einaste som har støtta opposisjonen. Og denne kanalen har det ikkje vore mogleg å få inn i dei austlege områda av Ukraina, der støtta til det sitjande regimet er sterkast.
- Det blir interessant å sjå kva verknad det får i desse områda at fjernsynskanalar som tidlegare har vore tru mot styresmaktene, har endra karakter, seier BBCs media-korrespondent Sebastian Usher.
Han ser på det som har skjedd blant fjernsynsjournalistane som nok eit bevis på at opposisjonen får ei stadig breiare opplsutning i det ukrainske samfunnet.