NRK Meny
Normal

Desmond Tutu får ikkje kome i gravferda

Nobelprisvinnar og tidlegare erkebiskop Desmond Tutu får ikkje kome i Nelson Mandelas gravferd. No vert regjeringspartiet ANC skulda for å la det gå politikk i utforminga av gjestelista til gravferda.

Nelson Mandela og biskop Desmond Tutu

To gode vener. Desmond Tutu og Nelson Mandela stod kvarandre nært, og saman kjempa dei mot apartheidregimet i Sør-Afrika, og vann. No får ikkje Tutu kome i gravferda til Mandela. Årsaka er ikkje kjent.

Foto: ALEXANDER JOE / Afp

– Eg hadde verkeleg likt å kome i gravferda for å seie farvel til ein som eg elska og sette stor pris på, men det ville vore lite respektfullt mot «Tata» å trenge meg på det som skal vere ei privat gravferd, seier Desmond Tutu i ei pressemelding.

Men så privat er eigentleg ikkje gravferda. 5.000 menneske skal kome, deriblant stortingsrepresentant Jens Stoltenberg. Men Mandela sin gode ven, fredsprisvinnar og apartheid-motkjempar Desmond Tutu har altså ikkje arrangørane klart å finne plass til.

Ukjent årsak

Årsaka til kvifor Tutu ikkje får reise til Mandelas fødestad Qunu og delta i gravferda er ikkje kjent, men fleire kritikarar meiner det heile kan vere eit «takk for sist» frå ANC. For dei siste åra har erkebiskopen kome med hyppig kritikk av partiet.

Tutu har uttalt at han er flau over den retning landet hans har tatt etter at Nelson Mandela gjekk av som president i 1999.

– Er det dette folk døydde for, er det dette folk gjekk i eksil for, er det dette folk vart torturert for, har Tutu uttalt.

Tutu med Zuma-kritikk

Tutu har også kritisert Sør-Afrikas president Jacob Zuma for sine «moralske manglar». Zuma har fem koner, men likevel åtte barn utanfor ekteskap, i tillegg til dei tolv han har med sine koner. Presidenten har også vore nøydd til å møte i retten for å svare på skuldingar om valdtekt.

SAFRICA-MANDELA-MEMORIAL

Den fargerike erkebiskopen frå regnbogenasjonen fekk halde tale under minneseremonien, men først etter hovudprogrammet, då dei fleste hadde gått.

Foto: ALEXANDER JOE / Afp

Der innrømma Zuma samleie med kvinna, men vart frifunne frå valdtekta. Det som derimot vakte meir oppsikt var at Zuma, presidenten i eit land kor 12 prosent av folket er HIV-smitta, sa at han lét vere å bruke kondom fordi det var tilstrekkeleg å ta ein dusj etter samleie for å beskytte seg sjølv mot hivsmitte.

– Det må vere ein feil

Mange meiner at denne kritikken også skal vere årsaka til at Desmond Tutu ikkje fekk halde tale under hovuddelen av minneseremonien, og difor entra scena først etter at nærast alle tilskodarane hadde forlate fotballstadionet Soccer City.

– Erkebiskopen er ikkje ein akkreditert geistleg person, og vil difor ikkje kome i gravferda, er den korte forklaringa frå Desmond & Leah Tutu Legacy Founcation, som er eit fond som tilhøyrar Desmond Tutu og kona.

Bantu Holomisa er ein sørafrikansk politikar som vart ekskludert frå ANC i 1996 etter at han skulda partiet for å drive korrupsjon. Han har vanskeleg for å tru at Tutu ikkje skal i gravferda.

– Dette må vere ein feil. Kvifor vil regjeringa gjere noko slikt? Han burde vere den første personen som fekk akkreditering til gravferda, seier Holomisa til avisa The Guardian.

Tomm Kristiansen

– Dette seier nok ein del om maktkampen i Mandela-familien, seier NRKs tidlegare Afrika-korrespondent Tomm Kristiansen.

Foto: Ole Kaland / NRK

NRKs tidlegare Afrika-korrespondent og Sør-Afrika-kjenner Tomm Kristiansen seier at den kristne biskopen Desmond Tutu ikkje ville hatt noko særskild rolle å spele i Mandelas tradisjonelle afrikanske gravferd, men synest likevel det heile høyrest særs spesielt ut at han ikkje er blant gjestane.

– At Tutu ikkje er invitert som gjest seier nok ein del om maktkampen i Mandela-familien. Tutu har kritisert ANC for måten dei har utvikla seg på, men han har aldri kritisert Mandela. Ein del av familien har nok tatt seg nær av Tutus kritikk av ANC, seier Kristiansen.

– Stod kvarandre nært

Også Allister Sparks, som er journalist og som har skrive biografi om Desmond Tutu, slit med å forstå kvifor Tutu må halde seg heime.

– Mandela og Tutu stod kvarandre nært. I den tida Mandela sat i fengsel, så var Tutu bokstaveleg talt leiaren i kampen mot apartheid, seier Sparks, som legg til at han ikkje heilt veit korleis han skal tolke det at Tutu no ikkje får kome i gravferda.

Tutu har også kritisert Mandela sin familie for å «spytte i Mandela sitt ansikt» medan han låg for døden. Årsaka til kritikken skal vere Mandela-familiens krangel om kor fredsikonet skal gravleggjast. Men ein talsmann for Mandela-familien seier at det ikkje er dei som har ekskludert Tutu frå gravferda.

– Familien er ikkje involverte i kven av dei offentlege personane som skal kome eller ikkje. Familien er opptekne av å sørge. Det er staten som avgjer kven som får kome og ikkje, og me kjenner ikkje til noko ekskludering, seier talsmannen.

Charles og Obama kjem

Det er venta 5.000 gjester til den vesle landsbyen Qunu i Eastern Cape-provinsen. Liket av Mandela har dei siste dagane vore i Pretoria, der folk har hatt moglegheita til å sjå Mandela før han vert gravlagd.

Blant gjestane i søndagens gravferd er prins Charles, Barack Obama, Jens Stoltenberg, men altså ikkje Mandelas ven og felles apartheid-motkjempar Desmond Tutu.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt