Hopp til innhold

Tusenvis stansa av piggtråd på grensa

6500 fortvilte menneske sit fast i leirar på grensa mellom Hellas og Makedonia, etter at Makedonia nekta å ta mot afghanarar og innførte strengare dokumentkontroll på syrarar og irakarar.

Flyktningar stansa av piggtråd på grensa.

Eit fleire meter høgt piggtrådgjerde hindrar fleire tusen menneske på flukt i å krysse grensa frå Hellas til Makedonia.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

Straumen av båtar med menneske på flukt frå Tyrkia til Lesvos og andre greske øyer i nærleiken held fram med full styrke. Det er no rundt 25.000 flyktningar og migrantar i Hellas, og alle ynskjer å reise vidare til Vest-Europa.

Den såkalla Balkan-ruta er den mest populære, men no har fire land i området sett ned foten.

Strenge restriksjonar

Grensa mellom Hellas og Makedonia.

Fleire hundre deltok i ein demonstrasjon med krav om at Makedonia må opne grensa i dag tidleg.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

EU-landa Kroatia og Slovenia, pluss Serbia og Makedonia, har gjort det klart at dei ikkje vil ta mot meir enn maksimalt 580 personar i døgnet. Sist veke varsla Makedonia at dei vil nekte innreise for afghanarar og at det er innført strengare dokumentkontroll for syrarar og irakarar.

– Syrere, ja? Afghanere, nei?

Dette er årsaka til at Idomeni-leiren er fylt til brestepunktet med fortvilte menneske. I dag tidleg gjennomførte ein del av dei ein demonstrasjon med krav om at dei måtte få kome over grensa til Makedonia.

Eit fleire meter høgt piggtrådgjerde på makedonsk side av grensa stansar alle forsøk på å krysse grensa ulovleg. Det er kaldt, og eit kraftig regnvêr i går kveld har gjort sitt til å forverre dei alt vanskelege forholda i leiren.

Venter på flyktninger som ikke kommer

Fleire på veg

I går fekk ingen passere grensa til Makedonia, i dag skal 100 ha fått løyve til å kome gjennom. Samstundes er stadig fleire på veg til grensa, mange av dei til fots.

Sist veke kunngjorde Austerrike at dei berre vil tillate at 80 personar kan søkje asyl pr. dag, og at dei maksimalt vil ta mot 32. 000 personar i året.

Austerrikske styresmakter har skulda Hellas for manglande evne til å vakte sine eigne grenser og for ikkje å stanse dei tusenvis av migrantane og flyktningane som er på veg til Vest-Europa.

Flytkningar i Hellas.

Ein gut i rullestol deltok også i demonstrasjonen i Idomeni-leiren med krav om opne grenser.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters
Flyktningar på grensa mellom Hellas og Makedonia.

Situasjonen på grensa mellom Hellas og Makedonia er vanskeleg, og greske styresmakter ber andre EU-land ta eit større ansvar.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / Afp

Den greske presidenten, Prokopis Pavlopoulos, seier på si side at EU ikkje kan ignorere det faktum at enkelte medlemsland ikkje lever opp til forpliktingane sine, med klar adresse til Austerrike.

FN: – En tredjedel av flyktningene er barn

Håper pengestrøm skal stanse flyktningstrøm

Oppsamlingsplass

Også forbundskanslar Angela Merkel i Tyskland opplever eit sterkt indre press for at landet skal ta mot færre flyktningar og migrantar. I fjor tok Tyskland åleine mot over ein million menneske.

Den greske regjeringa har tidlegare gjort det klart at landet ikkje vil godta å bli «ein oppsamlingsplass for menneske på flukt», men mange meiner at det er akkurat det som har skjedd. Det er ikkje berre på grensa til Makedonia at tusenvis av menneske er samla i overfylte leirar.

Det er store leirar på Lesvos og andre nærliggjande øyer, i hamnebyen Pireus, i hovudstaden Aten, i Diavata nær Thessaloniki, og mange sit fast i over 40 bussar på hovudvegen mellom Sør-Hellas og Nord-Hellas.

Demonstrasjon i leir Hellas-Makedonia

Det er rundt 5500 menneske i Idomeni-leiren på grensa mellom Hellas og Makedonia.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

340 barn har dødd i Middelhavet etter Alan

SISTE NYTT

Siste nytt