Hopp til innhold

Tusenvis på flukt frå Heglig i Sudan

Heile befolkninga i Heglig flykta frå ein militær samanstøyt mellom Sudan og Sør-Sudan. Ifølgje FN er tusenvis av sivile på flukt på grunn av kampen om det oljerike området.

People cheer with soldiers during a celebration march in Khartoum

FEIRING: Folk i Sudan feira då Sør-Sudan trekte seg ut av oljefeltet Heglig. No er tusenvis på flukt frå området på grunn av kampen om olja.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Heile sivilbefolkninga i Heglig og omkringliggjande landsbyar har flykta frå området, ifølgje FN. Det skal dreie seg om 5000 personar.

Dei fleste skal ha gøymt seg i bushen og held seg under open himmel.

Kamp om olja

Feststemning i Khartoum

FOLKEFEST: Det braut ut folkefest i gatene etter at Sør-Sudan trekte seg ut av Heglig

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Kampane om Heglig starta for nesten to veker sidan, då sørsudanske styrkar overraskande gjekk inn og tok kontrollen over det strategisk viktige området.

LES: Folkefest i Khartoum etter sør-sudansk ordre om tilbaketrekking

LES: Obama ber om Sudan-forhandlinger

Heglig blir rekna som ein del av Sudan, men Sør-Sudan hevda at området, som er Sudan si viktigaste oljekjelde, er omstridt.

Etter press frå USA gjekk Sør-Sudan før helga med på å trekkje ut styrkane sine, og laurdag var tilbaketrekkinga fullført.

Samstundes hevdar Sør-Sudan at Sudan står bak fleire bombeangrep mot Heglig dei siste dagane.

Folkefest etter uttrekking

Sørsudanesarane erobra området 10. april, etter å ha hevda at den sudanske regjeringshæren brukte Heglig som base for militære operasjonar mot Sør-Sudan.

Etter at Sudan gjenerobra det oljerike grenseområdet braut det ut ein folkefest i gatene utanfor forsvarsdepartementet i Sudan.

LES: Sudan feirar gjenerobring av oljefelt

FNs generalsekretær Ban Ki-moon stempla okkupasjonen av området som ulovleg, og verdssamfunnet har fordømt sudanske bombeangrep mot Sør-Sudan.

Sette fyr på kyrkje

Frykta for religiøse samanstøt aukar i Sudan etter at hundrevis av muslimske ekstremistar sette fyr på ei kyrkje i Khartoum.

Angrepet mot kyrkja skjedde dagen etter at Sør-Sudan kunngjorde uttrekkinga frå Heglig.

Den rasande mobben sette fyr på biblar og fleire bygningar blei øydelagde seier pastor Yussef Matar Kodi.

Fredag ba ein muslimsk bønneleiar om heilag krig mot kristne, noko som truleg ga støtet til åtaket mot kyrkja laurdag.

– Ingen kunne tru det. Noko slik har aldri skjedd før, seier Matar.

SISTE NYTT

Siste nytt