Det var omfattande tryggingstiltak då Taseer vart gravlagd i Lahore i dag. Fleire tusen menneske hadde samla seg langs ruta for prosesjonen, trass i truslar om at folk som sørgjer eller ber for den drepne guvernøren kan lide same lagnaden.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Religiøs ekstremisme
66 år gamle Salman Taseer var ei av dei leiande røystene mot religiøs ekstremisme i Pakistan, og det var nettopp hans motstand mot ytterleggåande islam som gjorde at han møtte døden i går.
Ei av hans eigne tryggingsvakter, Malik Mumtaz Hussain Qadri, tok livet av guvernøren. Drapsmannen overgav seg friviljug til politiet, og at sa at han gjorde det fordi Taseer hadde ytra motstand mot dei strenge blasfemilovene i landet.
Han skal ha vore tydeleg stolt av det han hadde gjort.
Bakgrunnen var kritikken Taseer kom med då den kristne kvinna
vart dømd til døden for å ha snakka nedsetjande om profeten Mohammed. Han sa då at blasfemilovene var altfor strenge, og at i alle fall dødsstraffa for blasfemi måtte bort.LES OGSÅ:
Enormt raseri
Dette skapte eit enormt raseri blant mange i Pakistan, også blant skriftlærde som tidlegare ikkje har vore rekna som ytterleggåande. 500 skriftlærde frå gruppa Jamaat-e-Ahl-e-Sunnat har åtvara folk mot å vise sorg over drapet på Salman Taseer.
Denne gruppa er inbitte motstandara av Taliban og andre militante grupper, men gir sterk støtte til blasfemilovene.
- Ingen bør vise sorg eller sympati etter hans død, sidan dei som støttar blasfemi av profeten, sjølv er blasfemiske, heiter det i ei fråsegn frå gruppa. Gruppa framhevar også det dei kallar motet og den religiøse overtydinga til drapsmannen, og seier at han vil gjere alle muslimar stolte.
Drapet har også sendt sjokkbølgjer inn i regjeringspartiet PPP, der den drepne Punjab-guvernøren var ein leiande medlem.