Normal

Tusenårsmåla: Vinnarar og taparar

For femten år sidan vedtok FN å halvere andelen menneske som lever for under 1,25 dollar om dagen. Det har dei klart. Men ikkje alle får det betre.

AFRICA-OBAMA/

IKKJE I MÅL: Det går rette vegen ifølgje statistikkane til FN. Men framleis lever 800 millionar menneske på planeten i ekstrem fattigdom.

Foto: Thomas Mukoya / Reuters

Brazil Oil Misfortunes

Brasils president poserer foran oljeriggen til Petrobras, kjelda til den nyvunne rikdomen.

Foto: Felipe Dana / Ap

Allereie i 2010 erklærte FN at verdas ekstreme fattigdom var halvert.

Ein har langt på veg også lukkast i å hindre spreiinga av smittsame sjukdommar som HIV/Aids og malaria. Talet på barn som dør før fylte fem år og mødrer som dør under svangerskap er kraftig redusert.

Framskritt har også skjedd innan utdanning og likestilling. Men det er store individuelle forskjellar mellom landa. Medan nokre står igjen i startgropa, har andre hatt ei eventyrleg utvikling.

Brasil blant dei beste i klassen

Minst 36 millionar menneske er løfta ut av fattigdom i Brasil sidan 2003. President Dilma Rousseff kunngjorde dette på talarstolen under FNs hovudforsamling i 2014.

Oljeeventyret utanfor Rio de Janeiro har vore den økonomiske motoren som forvandla Brasil frå eit utviklingsland til ei økonomisk stormakt.

– Vi har blitt den sjuande største økonomien i verda. Inntekt per person er tredobla, og skilnadane mellom fattig og rik minkar. I 2002 var meir enn halvparten av den brasilianske befolkninga rekna som fattige, i dag er tre av fire brasilianarar middelklasse, sa Dilma Rousseff.

Ifølgje tenketangen mdgtrack.org vil Brasil ha nådd 7 av 8 tusenårsmål innan år 2020. Berre målet om grunnskuleutdanning tek tid. Det vil bli oppfyllt i 2025.

Madagaskar på «stedet hvil»

Madagaskar er eit av verdas fattigaste land. I følgje verdsbanken lever 75 prosent av befolkninga under fattigdomsgrensa (2010).

Madagascar Elections

Ei mor vaskar sonen sin i Antananarivo, hovudstaden i Madagaskar. Eit land som slit med fattigdom, sjukdomar og politisk ustabilitet.

Foto: Schalk van Zuydam / Ap

Grusvegen som leda til den vesle landsbyen Lohanosy er vaska vekk av syklonen. Det same er risåkrane. UNICEF skriv at dei har besøkt ei mor med 9 born i den uversråka landsbyen på Madagaskar i mars.

«Måltid er ikkje ei sjølvfølge i denne heimen», skriv UNICEF.

Svolt gjer det vanskeleg å følgje med på skulen fortel den 12 år gamle jenta Tiavina.

– Eg har ofte mageknip på skulen, fordi vi ikkje har nok mat heime, fortel ho.

Ifølgje mdgtrack.org er hovudutfordringane i Madagaskar ekstrem fattigdom, utdanning og helse.

Krig stansar utvikling

Og ser ein verdsoversikta til mdgtrack.org, så slit dei aller fattigaste landa i verda med mange av dei same utfordringane. Dei aller fattigaste ligg i det sentrale og sørlege Afrika og i Sør-Asia.

Ei anna viktig årsak til at mange land ikkje gjer framgang med tusenårsmåla er krig (Syria) og naturkatastrofer (Haiti).

I tillegg er det forskjellar på by og land innad dei ulike landa. Og det er forskjell mellom kjønna.

Utvikling skadar miljøet

Kina er det landet som har fått flest menneske ut av fattigdom. Talet på fattige er redusert frå 60 prosent av befolkninga til 12 prosent. Men utviklinga i Kina har langt på veg gått på kostnad av miljøet.

Difor fokuserer dei nye utviklingsmåla også på klima og miljøtiltak.

Ei åtte år gammal jente vart i 2013 den yngste lungekreftpasienten i Kina. The Guardian skriv at legane meinte luftforureining var årsaka til sjukdomen.

Kolfyrte sentralvarmeanlegg og fabrikkar sikrar ikkje berre varme og arbeidsplassar, men fører til at kinesiske storbyarbyar ligg innpakka i grå helseskadeleg skodde.

CHINA-POLLUTION/ Buildings are pictured on a hazy day in Beijing

I Ikinas hovudstad kan ein til tider skjære lufta med kniv.

Foto: JASON LEE / Reuters

Nye mål vedtekne

I dag vart nye mål fram mot 2030 vedtekne av FN. Ved hjelp av 17 hovudmål og 169 delmål skal ein framleis overvinne fattigdom, men like mykje økonomiske forskjellar og klimaendringar.

Kritikarane er redd for at desse mange og sprikande måla ikkje vil ha den same samlande effekten som tusenårsmåla hadde.

Eit av dei store spørsmåla er korleis dei fattige landa skal få utvikle seg utan at det går ut over ein allereie pressa jordklode.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt