NRK Meny
Normal

Tusenar i naud etter flaumen

Regnet har løya og flaumen i Thailand er i ferd med å trekkja seg tilbake, men framleis er mange tusen menneske isolerte av vassmengdene, utan mat og vatn.

Reddar flaumoffer i Thailand

Flaumen har gått aller verst ut over provinsen Nakhon Si Thammarat, der 20 menneske har mista livet og meir enn 1000 menneske framleis sit vêrfaste. Her blir ein baby redda ut med helikopter.

Foto: SUKREE SUKPLANG / Reuters

Det kraftige uvêret, som hittil har teke 53 menneskeliv og lagt store delar av Thailand under vatn, er no i ferd med å spakna.

I fleire provinsar trekkjer dei enorme vassmengdene seg tilbake, og folk får sakte men sikkert tilbake straumforsyninga.

Men framleis bur 40 000 menneske i provisoriske naudleirar, og dei nærmaste dagane er det varsla nye regnbøyer.

Norske turistar vêrfaste

Snart to veker med ausande regn og kraftig vind i det som normalt er ein av dei finaste månadene i Thailand, har ført til flaum i sju av Thailand sine 77 provinsar, ifølgje AFP.

Resultatet er overfløymde heimar, jordskred og samanraste vegar og bruer. Dei store norske reiseselskapa har over 1400 norske turistar i regionen, og mange har vorte overrumpla av det unormalt dårlege vêret.

– Vinden var så sterk at me kjente veggane rista heile natta, det var ekkelt, seier Camilla Pedersen, som har sete vêrfast saman med veninna på øya Koh Tao.

I dei sørlege, hardast råka provinsane blir fly og ferjer no sett tilbake i normal drift, opplyser Den norske ambassaden i Thailand. Framkomsten med tog og buss er framleis er svært redusert.

Uværet i Thailand

Norske Camilla Pedersen og Iren Sørhage frå Øyer blei overraska av uvêret på sin ferietur i Thailand.

Foto: Privat

Treng hjelp

Ifølgje styresmaktene er om lag to millionar menneske råka av flaumen tok til i slutten av mars.

Sist veke blei hundrevis av fastbuande og turistar som var stranda på øyer nær Thailandgolfen og i Andaman-sjøen, frakta til fastlandet av den thailandske marinen.

Framleis står det att mykje arbeid med å redda ut tusenar av menneske som er avskorne frå omverda på grunn av overfløymde og blokkerte vegar.

Redningsarbeidarane melder om vanskar med å redda folk ut av fleire landsbyar fordi flaumskadane har gjort det umogleg å koma seg fram til lands.

Fleire stader er folk fullstendig isolerte i heimbygdene sine, utan tilgang på mat og vatn. Helikopter er no sett inn der nauden er størst.

Surat Thani

I provinsen Surat Thani er samtlege 19 distrikt råka av flaumen.

Foto: AFP / Afp

Lovar støtte til flaumoffer

Ifølgje Bangkok Post vil thailandske styresmakter løyva over ein milliard norske kroner og setja i gang økonomiske støtteordningar for å hjelpa flaumofra sør i landet.

Pengane skal blant anna gå til familiar som står på bar bakke, og til bønder som har mista buskapen og avlingar som følgje av naturkatastrofen.

Statsminister Abhisit Vejjajiva oppmodo søndag folk til å vera på vakt for nye flaum- og skredvarsel. Sjølv om regnet har letta, utgjer den vasstrukne jorda framleis ein fare for nye ras, åtvarar Vejjajiva ifølgje AFP.

Flaumen kjem berre månader etter den katastrofale flaumen som i fjor tok 200 menneskeliv i Thailand.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt