4000 omringa av skogbrannar på strand i Australia

Fleire tusen turistar og lokale innbyggjarar er fanga på ei strand, omringa av skogbrannar, i den populære kystbyen Mallacoota sør i Australia.

Turistbyen Mallacoota, heilt på sørspissen i delstaten Victoria, er omgitt av store skogsområde og er eit ynda reisemål for mange.

Tysdag bles det opp fleire brannar i området, og innbyggjarane og dei mange tilreisande til byen måtte søke mot stranda. Opptil 4000 personar er no fanga på stranda.

Dei pågåande skogbrannane som prega Australia i fleire veker, herjar no i fire delstatar. 16 av brannane er kategorisert som katastrofar, melder ABC News.

Minst tolv menneske har mista livet i brannane.

Bilde fra Twitter fra Mallacoota hvor skgbrannen nærmer seg.

FARGER LUFTA RAUD: Dette bildet er posta på Twitter av profilen Bluesfestblues som har fått det frå faren sin som er på hamna i Mallacoota i Australia. Faren fortel at brannen ikkje er langt unna.

Foto: Privat/Twitter https://twitter.com/bluesfestblues/status/1211794441842774016

Brannmann døde

Mandag kveld mista endå ein brannmann livet i New South Wales då brannbilen han sat i velta.

Samuel McPaul (28) omkom då den åtte tonn tunge brannbilen han køyrde i Upper Murray aust for hovudstaden Canberra, vart løfta opp frå bakken av det som vart kalla ein ildtornado og kasta rundt på taket.

To andre brannmenn fekk brannskadar.

I alt sju menneske var tysdag sakna, og tre er frykta døde i New South Wales. I delstaten Victoria er det fire menneske som det ikkje er gjort greie for, opplyser styresmaktene.

Oransje himmel over Mallacoota i Australia 31. des 2019

Bildet viser folk og biler som er samla på stranda i Mallacoota.

Foto: ÒJONTY SMITH / Reuters/NTB Scanpix

Tjukk røyk tok sollyset

Røyken som driv inn over Mallacoota er så tjukk at dagen nærast er blitt til natt. Folk som oppheld seg i byen har lagt ut bilde på sosiale medium som viser eit svakt mørkeraudt lys som er alt av sollyset som slepp gjennom den tjukke røyken.

Laster Twitter-innhold

Isolert område

Andre Twitter-brukarar fortel om gneistar i lufta og glødande oske som kjem med vinden.

– Vi har ein brann som ser ut til å treffe Mallacoota, sa sjefen for naudetatane i Victoria, Andrew Crisp, til kringkastaren ABC.

– Vi har tre team i byen som vil sjå etter 4000 menneske som er samla på stranda. Vi er naturlegvis svært uroa for område som har vorte isolerte, seier Crisp vidare.

Huge fires continue to rage in Victoria and NSW, with two people confirmed to have died as flames destroyed parts of the town of Cobargo this morning.

Publisert av ABC News Mandag 30. desember 2019

Brannane lagar tore

Brannane er så kraftige at dei skaper eigne torevêr og gneisteregn som spreier flammane ytterlegare i det tørre landskapet. Førebuingar vart starta for eventuelt å evakuere folk vekk med fly.

Bebuarar fortalde i sosiale medium at dei tok på redningsvestar i tilfelle dei må hoppe i sjøen for å komme seg unna flammane, noko som blir omtalt som «siste utveg» av Victorias naudstyresmakter.

Temperaturen i skogbrannane kan komme opp i fleire hundre grader og kan ta liv lenge før flammane nærmar seg.

Det er særs varmt i det søraustlege Australia tysdag, med temperaturar over 40 grader mange stader.

Mallacoota ligg heit søraust i Australia.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt