Hopp til innhold

Drivstoff-krise i Frankrike

Fleire og fleire bensinstasjonar i Frankrike går tomme for drivstoff på grunn av streiken i landet.

Lange køar framfor fransk bensinstasjon

Lange køar i Paris etter meldingar om at bensinstasjonar er på veg til å gå tomme.

Foto: Thibault Camus / Ap

Her får ikkje franske bilistar fylle drivstoff i dag

«Ute av drift» står det på denne bensinpumpa sør i Frankrike. Fleire tusen bensinstasjonar er tomme for drivstoff i dag.

Foto: bob edme / Ap
Ein mann fyller drivstoff i plastdunkar

Ein mann fyller bensin i plastdunkar for å sikre seg drivstoff.

Foto: ETIENNE LAURENT / Afp
Demonstrantar brenn dekk framfor oljeraffineri

Demonstrantar brenn dekk framfor inngangen til oljeraffineriet Grandpuits aust for Paris.

Foto: Francois Mori / Ap

Air France-flyet får bensin

Dette Air France-fly blir fylt opp laurdag 16. oktober, men frå i dag er det mindre drivstoff tilgjengeleg og det er kutt i trafikken.

Foto: THOMAS SAMSON / Afp

Åtte av tolv franske oljeraffineri er på veg til å leggje ned drifta, og tre andre har store problem med å halde fram på grunn av streiken i Frankrike.

Rundt 1500 bensinstasjonar som står framfor franske supermarknader er tomme for drivstoff i dag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

60 prosent av bilistane

Det er til saman 12.500 bensinstasjonar i Frankrike, og 4500 av desse er plasserte i samband med supermarknader.

Desse stasjonane dekkjer behovet for 60 prosent av franske bilistar.

– 20 til 25 prosent av vår distribusjonskapasitet er stansa eller i trøbbel, seier Alexandre de Benoist, som representerer fleire stasjonar knytt til stormarked som auchan, Carrefour og Casino.

Kuttar ein av tre flyreiser

Halvparten av flyreisene til og frå Orly-flyplassen i Paris er innstilte i dag på grunn av drivstoffmangel. Det samme gjeld for 30 prosent av flyreiser til og frå andre flyplassar i landet, ifølgje AFP.

Flystansen skal vare i 24 timar ifølgje det sivile luftfartstilsynet.

Både SAS, Norwegian og Air France har flygingar frå Noreg til Frankrike, men det er måndag føremiddag ikkje meldt om at innstillingane har ført til problem for reisande mellom Noreg og Frankrike.

Lastebilsjåførar deltek

Fredag kasta også lastebilsjåførar seg inn i storstreiken i Frankrike. Ved tidlegare streikar har dei klart å lamme infrastrukturen i landet.

Allereie før helga starta bensinstasjonar å gå tomme for drivstoff.

Fransk politi brukte makt for å sikre tilgang til fleire oljedeponi som har vore blokkerte under streiken.

Franske lastebilsjåførar deltek i streiken

Franske lastebilsjåførar deltek i streiken i Frankrike i dag.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

– Ulovleg aksjon

Regjeringa i Frankrike ønskjer å auke pensjonsalderen frå 60 til 62 år. Det er venta nye protestar også i morgon. Onsdag skal det franske senatet bestemme seg for om dei innfører pensjonsendringa.

– Så lenge regjeringa ikkje vil gi etter, vil heller ikkje vi gjere det, seier ein talsperson for den franske arbeidsorganisasjonen CGT til Reuters.

Men regjeringa seier dei ikkje har tenkt å la streiken påverke dei.

Statsminister i Frankrike Francois Fillon

Statsminister i Frankrike Francois Fillon på fransk fjernsyn søndag 17. oktober.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

– Eg kjem ikkje til å la fransk økonomi lide på grunn av blokkeringa av forsyningar, sa den franske statsministeren Francois Fillon i går.

Han kallar bensinblokkasjen ulovleg.

– Streikeretten er ikkje ein rett til å stanse drivstofftilgang. Dette er ein ulovleg aksjon, seier han til fransk fjernsyn, ifølgje BBC.

Politiet har også brukt tåregass mot ungdommar som protesterte mot dei nye pensjonsreformane. Ungdommane satte fyr på ein bil, knuste busshaldeplassar og kasta steinar utanfor ein skule i ein forstad til Paris.

SISTE NYTT

Siste nytt