Hopp til innhold

Turkmenistans diktator er død

Presidenten i Turkmenistan, Saparmurat Nijazov, døydde uventa i natt, melder turkmensk fjernsyn.

Turkemninstans president Saparmurat Niyazov er død.
Foto: STR / AP

Nijazov vart 66 år gammal. Han har styrt det olje- og gassrike sentralasiatiske landet med jernhand i 20 år.

Dødsårsaka er eit akutt hjarteinfarkt, melder fjernsynet. Det har vore kjent ei tid at Nijazov har hatt problem med hjartet.

Han utnemnde for ei tid tilbake seg sjølv til president på livstid.

 

 

Statue av Saparmurat Nijazov i den turkmenske hovudstaden Ashgabat.
Foto: BURT HERMAN / AP

I sjokk

- Den triste hendinga skjedde tidleg i dag. Vi er alle i sjokk, sa ein anonym regjeringstenestemann til jouornalistar i dag tidleg. Ein annan tenestemann sa at alle var i sjokk etter dødsfallet. Etter ein god halvtime stadfesta det statlege fjernsynet i Turkmeninstan dødsfallet.

- Turkmenbashi (overhovudet for turkmenarane) Den Store er død, var orda ein nyheitsopplesar på det statlege fjernsynet brukte.

Saparmurat Nijazov har bygd opp ein sterk personkultus rundt seg i Turkmenistan. Rundt om i hovudstaden Asjgabat er det fleire hundre store portrett av han, og ei stor hamn, fleire kollektivbruk og  militæravdelingar er oppkalla etter han. Til og med ein meteoritt er oppkalla etter presidenten.

Augeoperasjon

For to veker sidan vart det meldt at presidenten skulle gjennomføre ein augeoperasjon, men ingen detaljar om dette inngrepet har vore offentleggjorde.

24. oktober i år vart han undersøkt av tyske legar, og konklusjonen var at Nijazov var ved god helse.

Seinare same månaden sende han sjølv ut ei melding om at han hadde problem med hjartet, og at han tok medisin tre gonger dagleg.

Ein Reuters-korrespondent i Asjgabat melder at situasjonen der er roleg, men at arbeidarar er i ferd med å fjerne nyttårs-dekorasjonar frå trea i hovudstaden.

Nijazov har vore president sidan landet var ein delrepublikk i Sovjetunionen.

Usikker framtid

Observatørar som kjenner Turkmenistan seier at det ikkje er nokon naturleg etterfølgjer etter den diktatoriske presidenten. Han har marginalisert den tradisjonelle klanstrukturen i det i all hovudsak muslimske landet.

I ei fråsegn frå regjeringa få timar etter at presidenten sitt dødsfall vart kjent heiter det at Turkmeninstan vil halde fram med den noverande poltikken både innanriks og utanriks.

Visestatsminister Kurbanguly Berdymukhamedov er utnemnd til leiar av komiteen som skal ha ansvaret for gravferda til den avlidne presidenten. Han er også utpeikt som fungerande statsleiar i Turkmenistan.

Berdymukdamedov skal vere ein slektning av Nijazov.

Det er avgjort at gravferda blir 24. desember.

Turkmeninstan har enorme olje- og naturgassressursar.