NRK Meny
Normal

– Ulukkes-ferje mangla absolutt alt

Europeiske turistar som overlevde eit ferjehavari i Indonesia sist helg, sumde i fleire timar blant haiar og måtte drikke sin eigen urin då dei endeleg nådde land.

Turistar berga etter dramatisk havari i Indonesia.

Dei europeiske turistane kom i dag til Bali. Frå venstre Marjan van Minnen, Wilhelm Robert Hanegl, begge frå Nederland, Catherine Ostojic frå Storbritannia og Lisa Steinmetz frå Tyskland.

Foto: Firdia Lisnawati / Ap

Det var natt til laurdag ulukka skjedde. Turistferja «Versace Amara» hadde vore på eit fire dagar langt cruise frå Lombok til Komodo då båten gjekk på eit korallrev utanfor vulkanøya Sangeang under ein storm.

Ferja byrja straks å ta inn vatn og etter kort tid gjekk fartøyet ned. Dei 27 om bord hadde ikkje noko anna val enn å hoppe i sjøen.

To er framleis sakna

Europeiske turistar kom til Bali etter dramatisk havari.

Catherine Ostojic og Lisa Steinmetz vart blant turistane som overlevde det dramatiske havariet.

Foto: Firdia Lisnawati / Ap

18 turistar og mannskapet på fem skal ha overlevd havariet, medan ei italiensk kvinne og ein nederlandsk mann er sakna, ifølgje Daily Telegraph. Nyheitsbyrået AFP melder at det er to spanske menn som er sakna.

Dei fleste turistane var europearar, men det var også eit par frå New Zealand om bord. Europearane er frå Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland.

Båten skal ha vore dårleg utstyrt, og det var blant anna berre ein redningsvest om bord. Spanske Rafael Marienes (31) fortel at båten mangla det meste.

– Det var ikkje redningsutstyr der. Det var ingen radio, ingen GPS og ikkje navigasjonsutstyr. Det var ingenting, seier han til DailyTelegraph.

– Ingen vil finne oss

Dermed var det ikkje mogleg å sende ut naudsignal eller be om hjelp på ein annan måte. Det gjorde ikkje situasjonen betre at fleire frå mannskapet gjorde det klart at ingen kom til å finne dei.

Turistane og mannskapet på fem måtte hoppe på sjøen etter samanstøyten med korallrevet, og dei klamra seg fast i vrakrestar til det lysna av dag. Dei fleste av dei var då alt svært dehydrerte og var kraftig sjøsjuke.

Då vart det teke ei avgjerd om at dei ti beste symjarane skulle prøve å ta seg til vulkanøya Sangeang, medan resten skulle bli ved vrakrestane. Denne symjeturen tok seks-sju timar, og dei måtte symje gjennom eit havområde med mykje hai.

– Det var ei forferdeleg oppleving. Vi sumde i sju timar i uroleg sjø før vi vart berga av fiskarar, seier ei europeisk kvinne, Maria.

Europeiske turistar overlevde havari i Indonesia.

To av dei europeiske turistane omfamnar kvarandre etter at dei kom til Bali i dag.

Foto: ANDY AMALDAN / Afp

Drakk urin

Då dei ti endeleg nådde fram til øya var dei fullstendig utslitne, kraftig dehydrerte og solbrende. Det var ikkje mogleg å finne mat eller vatn på øya, og dei måtte ete lauv og drikke sin eigen urin for å overleve.

Heldigvis vart dei berga av lokale fiskarar etter nokre timar på øya. Fiskarane tok dei med i båten til øya Sumbawa to timar unna, der havaristane fekk behandling på sjukehus.

Dei fleste av dei som blei igjen ved vrakrestane vart også berga av fiskarar, men to er framleis sakna. Ingen av dei overlevande er alvorleg skadde.

Laster kart, vennligst vent...

LES OGSÅ: Mange savnet etter ferjehavari

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt