Hopp til innhold

Turistar kidnappa i Etiopia

To grupper med europeiske turistar er kidnappa i det nordlege Etiopia, opplyser den franske ambassadøren i landet.

Det skal vere 10 franske statsborgarar blant dei 15 turistane som er bortførde i Afar-området. Tre skal vere frå Storbritannia, medan nasjonaliteten til dei to andre er ukjend.

Ei separatistgruppe har sidan 1990-talet kjempa for at Afar skal bli ein sjølvstendig stat i eit område som omfattar både delar av Etiopia, Djibouti og Eritrea.

Turistar har vorte kidnappa i dette området før, men dette er første gong sidan  krigen mellom Etiopia og Eritrea frå 1998 til 2000, seier ei etiopisk kjelde til nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt