Hopp til innhold

Turistar i dramatisk båtkollisjon

To personar er sakna, og minst 33 personar vart skadde då to båtar fullasta med turistar kolliderte i Thailand-bukta i natt.

Video Båtulykke i Thailand

VIDEO: Redningsoperasjonen eter ulukka var vanskeleg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bjørn Svenungsen

Bjørn Svenungsen er pressetalsmann i UD.

Foto: Pressebilde

Pressevakt Bjørn Svenungsen i Utanriksdepartementet seier dei har fått melding om at det er ein nordmann var blant dei skadde, men at det berre var snakk om mindre skadar. Den 49 år gamle nordmannen vart utskriven frå sjukehuset etter ein sjekk.

Det er ikkje nordmenn blant dei sakna, og ambassaden har heller ikkje motteke uromeldingar frå publikum i saka, seier Svenungsen til NRK.no

Samanstøyten var så kraftig at fleire av passasjerane rett og slett flaug av båtane. Nyheitsbyrået AP melder at skadane varierer frå beinbrot, knekte ribbein, skrubbsår og blåmerker.

Det var regn og mørkt då ulukka skjedde, og det var kaotisk før redningsarbeidet kom skikkeleg i gang.

Dei to speedbåtane var på veg til den månadlege fullmånefesten på Koh Phangang, og denne festen er spesielt populær blant vestlege ryggsekkturistar. Den svenske avisa Aftonbladet skriv at det er mykje alkohol og narkotika på desse fullmånefestane.

Talet på skadde varierer frå 33 til 42 i ulike thailandske aviser. Tilstanden skal vere alvorleg for to av dei skadde.

Koh Phangang ligg rundt 1000 kilometer sør for Bangkok.

Ein skadd passasjer får førstehjelp om bord i ein politibåt.

Ein skadd passasjer får førstehjelp om bord i ein politibåt.

Foto: Ap
Ein skadd passasjer får hjelp av redningsmannskap.

Talet på skadde varierer mellom 33 og 42.

Foto: Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt