Hopp til innhold

Turistar angripne med syre i Frankrike

Fire amerikanske turistar er skadde etter at dei blei angripne med syre i den franske byen Marseille søndag. Ei kvinne er arrestert.

FRANCE-FIRE-TRANSPORT

Angrepet mot dei fire amerikanske turistane skjedde på den travle Saint Charles-stasjonen i Marseille.

Foto: BERTRAND LANGLOIS / AFP

Alle dei fire kvinnene er innlagde på sjukehus. To av dei har fått etseskadar i ansiktet etter syreangrepet. Ei av dei har truleg også fått skadar i auget. Dei to andre blir behandla for sjokk. Turistane skal vere i 20-åra.

Angrepet skjedde på ein togstasjon i den franske hamnebyen, opplyser ein talsperson for påtalemakta i Marseille. Den arresterte kvinna er i 40-åra, og skal ikkje ha kjent dei angripne kvinnene frå før.

Det er ikkje kjent kva motivet for angrepet er.

Syreangrep i Storbritannia

I Storbritannia har det dei siste åra vore ein kraftig auke i talet på angrep der ofra har fått spraya syre i ansiktet. Poltiiet i London seier dei er uroa over utviklinga, og kallar slike angrep for barbariske.

Mange av ofra etter syreangrep blir skadde for livet. Og ofte fører slike angrep til svært synlege skadar som gjer at ofra også isolerer seg.

Britiske styresmakter vurderer no om det er naudsynt med ei lovendring når det gjeld slike angrep. Det er ikkje straffbart å ha eit mindre kvantum etsande væske med seg. Difor kan det i enkelte kriminelle miljø vere enklare å ty til syreangrep enn skytevåpen eller kniv.

SISTE NYTT

Siste nytt