Hopp til innhold

Turist i Israel drap éin person – sjølv skoten og drepen av politiet

Ein amerikansk turist skaut og drap éin person på eit hotell i Israel i dag. Gjerningsmannen skal no vere drepen, seier politiet.

Leonardo Club, Eilat

TIL SAMAN TO DREPNE: Dramaet endte med at gjerningsmannen vart skoten og drepen av politiet. Før det hadde drap mannen ein tilsett ved Leonardo Club Hotel.

Foto: ILIBA

Store politistyrkar var på plass i den israelsk turistbyen Eilat heilt sør i landet. Etter å ha omringa hotellet Leonardo Club Hotel der mannen hadde forskansa seg, har politiet skote og drepe han. Det stadfestar politiet sjølv til nyheitsbyrået AFP.

– Han forskansa seg inne på kjøkenet på hotellet, og politi og spesialstyrkar omringa han. Dei bad han gje opp, men han skaut mot politiet. Politiet svarte med skot tilbake, og drap mannen, seier politiets talskvinne Luba Samri til AFP.

I fylge den israelske avisa Haaretz skal mannen ha stole eit skytevåpen frå ein av vaktene på hotellet, og deretter ha skote ein annan tilsett ved hotellet. Dramaet starta i hotellresepsjonen då gjerningsmannen byrja å krangle med ein av dei tilsette, skriv NTB.

Gjestar seier til avisa at dei høyrde skot, og at politiet kom raskt til staden.

– Me var i spisesalen då me plutseleg høyrde skota. Både gjestar og dei som jobbar der vart svært redde. Ingen forstod kva som skjedde. Ti sekund etter vart me bedne om å gå til romma våre, seier ein av gjestene til Haaretz.

SISTE NYTT

Siste nytt