NRK Meny
Normal

Tunisa har utstedt internasjonal arrestordre for Ben Ali

Tunisia vil ha den utdrivne presidenten Zine El Abidine Ben Ali arrestert.

Tunisias president Zine El Abidine Ben Ali

Zine El Abidine Ben Ali måtte flykte frå Tunisia, og reiste til Saudi-Arabia.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Justisminister Lazhar Karoui Chebbi

Justisminister Lazhar Karoui Chebbi (til venstre) og leiaren for dommarforeininga Ahmed Rahmouni.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Dei har i dag sendt ut ein internasjonal arrestordre for han og familiemedlemmene, opplyser justisminister Lazhar Karoui Chebbi ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Presidenten flykta frå landet 14. januar etter omfattande protestar i fleire dagar, og reiste til Saudi-Arabia.

No ønskjer Tunisia hjelp frå Interpol til å arrestere Ben Ali og sju medlemmer av familien hans.

Ben Ali er klaga for å ha tileigna seg verdiar, og for å ha overført desse verdiane til utlandet medan han var president.

Ifølgje Chebbi skal seks presidentvakter stillast for retten, tiltalte for å «prøve å få folket til å angripe kvarandre med våpen».

71 fangar omkom

Chebbi opplyser også at om lag 11.000 fangar klarte å rømme under opprøret tidlegare denne månaden.

Dette talet er mykje høgare enn ein tidlegare har rekna med. Ifølgje Tunisia omkom 71 fangar i opprøret.

2460 fangar vart sette fri. Det er uklart kor mange av desse som var fengsla av politiske grunnar.

Nye demonstrasjonar

Det har i dag vore nye demonstrasjonar i hovudstaden Tunis, der opprørspoliti har teke i bruk tåregass mot demonstrantar.

Fleire hundre demonstrantar overnatta for tredje natt på rad utanfor kontoret til statsminister Mohammed Ghannouchi, i håp om å tvinge regjeringa i landet til å gå av.

I dag tidleg prøvde nokre av demonstrantane å ta seg forbi ei politisperring, men vart møtte med tåregass, opplyser augevitne til AFP.

Nye demonstrasjonar i Tunis i dag

Nye demonstrasjonar i Tunis i dag.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt