Hopp til innhold

Tsvangirai teken i eid

Opposisjonsleiaren Morgan Tsvangirai vart teken i eid som statsminister i Zimbabwe kl. 11 norsk tid. Sjå video.

Video nsps_upload_2009_2_11_11_58_50_638.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dermed kan den nye samarbeidsregjeringa i Zimbabwe starte arbeidet.

Hovudmotstandaren i zimbawisk politikk, president Robert Mugabe, deltok i seremonien i hovudstaden Harare.

55 år gamle Tsvangirai vann første runden av presidentvalet mot Mugabe i fjor, men Mugabe nekta å godta resultatet. Dette førde til omfattande politisk uro i landet, som også har enorme sosiale problem.

Maktdelingsavtale

Etter lang tid med forhandlingar vart partane nyleg samde om ei maktfordeling i landet, der Mugabe skal halde fram som president, medan Tsvangirai skal vere regjeringssjef.

- Som statsminister skal eg tene Zimbabwe fullt ut, sa Tsvangirai då han avla eiden i eit kvitt telt som var sett opp i hagen til presidentpalasset.

Tidlegare president i nabolandet Sør-Afrika, Thabo Mbeki, som forhandla fram maktdelingsavtalen i Zimbabwe, deltok i seremonien saman med president Armando Guebuza i Mozambique og kongen av Swaziland, Mswati III.

I talen sin etter innsetjingsseremonien sa Tsvangirai at det må bli slutt på all politisk mortivert vald og brot på menneskerettane i Zimbabwe. Han vart sjølv utsett for vald og overgrep i løpet av tida han har vore i opposisjon til Robert Mugabe.

Morgan Tsvangirai deltok på ei gudsteneste før innsetjinga.

Morgan Tsvangirai deltok på ei gudsteneste før innsetjinga.

Foto: TSVANGIRAYI MUKWAZHI / AP

Morgan Tsvangirai er tidlegare fagforeningsleiar, og det er mange av tilhengjarane hans som har åtvara mot å inngå maktdelingsavtalen med Robert Mugabes mektige parti ZANU-PF. Dei er redde for at opposisjonen vil gli inn i Mugabe sitt system, og at det ikkje blir ei verkeleg endring av politikken.

Skepsis i opposisjonen

- Skeptikarrane må forstå kvifor vi har gjort dette. Det er det beste vi kan gjere for å møte utfordringane som ligg i eit maktskifte, sa Tsvangirai til ei gruppe tilhengjarar i går kveld.

- Vi har teke denne avgjerda, og vi har teke avgjerda utan å vere tvungne til det. Historia vil vise at det var rett, la han til.

Politiske observatørar i det hardt prøvde landet tvilar på om det er mogleg å få til eit fruktbart samarbeid med den 84 år gamle frigjeringshelten og diktatoren Robert Mugabe, som har styrt landet med jernhand sidan 1980.

- Det at Tsvangirai no er teken i eid som statsminister symboliserer ein ny æra for folket i Zimbabwe, seier Daniel Makina, politisk analytikar ved Universitetet i Sør-Afrika.

- Om samarbeidsregjeringa blir ein suksess, det er eit heilt anna spørsmål, legg han til.

Harde tider

Det er harde tider i Zimbabwe:

* Arbeidsløysa er no på rekordstore 94 prosent.

* Berre 20 prosent av borna går på skule fordi skulane har måtta stengje dørene.

* Over halvparten av innbyggjarane i landet er avhengige av matvarehjelp.

* Sjukehus er stengde fordi det ikkje er pengar til å betale legar og sjukepleiarar lønn.

* 1,3 millionar menneske er smitta av hiv-viruset.

* 70 000 menneske er ramma av kolera sidan august i fjor, 3400 av dei er døde.

- Vi kan håpe på at Tsvangirai som statsminister kan greie å få landet ut av den økonomiske og humanitære krisa. Men spørsmålet er om han vil få makta til å greie det, seier Daniel Makina, som avslører at han ikkje er veldig optimistisk.

SISTE NYTT

Siste nytt