Hopp til innhold

Russland utviser 20 tsjekkere etter at Tsjekkia har utvist 18 russarar

Russland har utvist 20 tsjekkiske diplomatar frå landet etter at Tsjekkia utviste 18 russarar dagen før. Dei må forlate landet på ein dags varsel.

Ruslan Bosjirov (tv) og Aleksandr Petrov (th)

Ruslan Bosjirov (t.v.) og Aleksandr Petrov (t.h.) er nå etterlyst av tsjekkisk politi. Frå før er dei sikta for nervegiftangrepet på den russiske dobbeltagenten Sergej Skripal. Her på overvakingsbilete av de to på togstasjonen i Salisbury 3. mars 2018.

Foto: Ho / AFP

Tsjekkisk politi jaktar på to russiske menn som blir knytt til attentatet mot dobbeltagenten Sergej Skripal i 2018. Dei er mistenkt for å ha vore involvert i eksplosjonar i eit ammunisjonslager i Tsjekkia – styresmaktene meiner russisk militær etterretning står bak.

Samtidig som dei to mennene er etterlyst, kastar landet ut 18 russiske diplomatar. Dei 18 blir skulda for å vere hemmelege agentar som var involverte i to eksplosjonar på eit tsjekkisk ammunisjonslager i 2014.

Russland har svara med å utvise 18 tsjekkiske diplomatar.

Kopla til forgiftning og eksplosjon

Dei to mennene som politiet jaktar på, skal ha vore i landet i dagane opp mot eksplosjonen og er mistenkt for å ha spelt ei rolle i eksplosjonen.

Frå før er dei kopla til forsøket på å forgifte den russiske dobbeltagenten Sergej Skripal i 2018.

Tsjekkisk politi har etterlyst dei under namna Ruslan Bosjirov og Aleksandr Petrov, som dei tok seg inn i Tsjekkia med. Det er dei same namna som dei brukte i Storbritannia, men som britisk politi fann ut var alias.

Les: Britisk avis: Slik brukte britene Skripal-saken til å avsløre russisk spionnettverk

For å kome seg inn på ammunisjonslagera, blei to andre namn brukt, eit moldovsk og eit tadsjikisk. Men passbileta som følgde med søknaden om å vitje anlegget, viser dei same ansikta.

Sjølv har dei to hevda at dei var i Salisbury i England på ferie da Skripal blei forgifta med nervegifta Novitsjok. I et intervju nekta dei for å vere russiske agentar.

Den russiske ambassaden i Tsjekkia

UØNSKT: Ein politimann går forbi ein plakat som demonstrantar har hengt opp på porten framfor Russland sin ambassade i Praha fredag. Laurdag utviste Tsjekkia 18 av dei tilsette ved ambassaden.

Foto: Petr David Josek / AP / NTB

48 timars frist

Tsjekkias statsminister Andrej Babis seier tsjekkisk etterretnings- og tryggingstenester har funne klare bevis for at agentar frå Russlands militære etterretningsteneste GRU var involvert i eksplosjonane i Vrbetice i 2014.

Anlegget som gjekk i lufta, vart brukt av kommersielle forsvarsleverandørar. Hundrevis av personellminer var lagra der. Dei materielle skadane var omfattande og to personar mista livet.

Tsjekkia er nøydde til å reagere på funna, seier statsminister Babis laurdag kveld.

– 18 tilsette ved den russiske ambassaden må forlate republikken vår innan 48 timar, seier innanriksminister Jan Hamacek, som også er fungerande utanriksminister.

Tsjekkisk etterretning har tydeleg identifisert dei 18 som russiske spionar, ifølgje Hamacek.

Statsministeren seier at han fekk informasjonen som skal knyte russisk etterretning til eksplosjonen på fredag. Kvifor etterforskinga har teke så lang tid, forklarte han ikkje.

Statsminister Andrej Babis (til høyre) og utenriksminister Jan Hamacek lørdag 17. april 2021

Statsminister Andrej Babis (til høgre) og utanriksminister Jan Hamacek på pressekonferanse laurdag.

Foto: MICHAL CIZEK / AFP / NTB

Rydda i to år

Den første eksplosjonen skjedde 16. oktober 2014 i eit lager i byen Vrbetice, 110 kilometer aust for Praha.

50 tonn ammunisjon gjekk i lufta. 3. desember same år eksploderte nye 13 tonn ammunisjon same stad.

I etterkant brukte fleire tusen soldatar to år på å uskadeleggjere udetonert materiell for å gjere området trygt.

Eksplosjonen vart først sett på som ei ulykke, før det dukka fram ting under etterforskinga som gjorde at politiet såg på hendinga med nye auge.

Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov

Ruslan Bosjirov og Aleksandr Petrov er alias for dei russiske mennene som er sikta for å ha forgifta Sergej Skripal og som no koplast til eksplosjonen i Tsjekkia.

Foto: HANDOUT / Reuters

Russland kallar det «knep»

Utvisingane og funna til tsjekkisk etterretning blir no tema på utanriksministermøtet til EU på måndag. Tsjekkia vil også informere dei allierte i Nato.

Statsminister Babis seier president Milos Zeman, som er kjent for sine prorussiske haldningar, «har uttrykt absolutt støtte», skriv nyheitsbyrået AP.

Saka har ført til den verste krisa i forholdet mellom Tsjekkia og Russland sidan oppløysinga av Sovjetunionen og slutten på den kalde krigen.

Det russiske utanriksdepartementet seier i ein fråsegn at skuldingane frå den tsjekkiske etterretningstenesta er oppdikta. Og at utvisingane er ei provokasjon, som Russland vil svare på med full styrke. Dei meiner at USA også har noko med saka å gjerne.

Salisbury

Den tsjekkiske utanriksministeren seier landet no er i same situasjon som Storbritannia, etter forgiftinga av den tidlegare russiske dobbeltagenten Sergej Skripal og dottera Julia i Salisbury i 2018.

Hans britiske kollega, Dominic Raab, seier i ei fråsegn at Storbritannia fullt og heilt støttar Tsjekkia i denne saka.

– Våre tsjekkiske allierte har vist kor langt GRU er villig til å gå i sine forsøk på farlege og vondsinna operasjonar, seier Raab søndag.

Laster Twitter-innhold

Skulle til Moskva

Hamacek hadde planlagd eit besøk til Moskva måndag, men reisa no avlyst. Han har fått kraftig kritikk frå både statsministeren, andre regjeringsmedlemmar og opposisjonen for den planlagde turen.

I Moskva skulle han snakke om moglegheita for å få koronavaksinar frå Russland.

Babis si mindretalsregjering er under press på grunn av den haltande vaksinasjonsprosessen i Tsjekkia.

Berre seks månader før valet avslørte nettavisa Seznam Zpravy at regjeringa har bestilt under halvparten av vaksinane dei har moglegheit til å skaffe gjennom EU.

Stedet hvor ammunisjonslageret eksploderte 16. oktober 2014 i byen Vrbetice, Tsjekkia.

dronebilete frå den tsjekkiske kringkastaren Ceska Televize viser deler av område som vart ramma av eksplosjonen i 2014.

Foto: CT

Må forlate Polen

Torsdag kasta Tsjekkias naboland Polen ut tre russiske diplomatar som blir skulda for å ha utført handlingar som har skadd landet.

Polen gav samtidig «full støtte til dei avgjerdene USA har teke når det gjeld politikken overfor Russland», heitte det frå utanriksdepartementet i Warszawa.

Russland har svart med å utvise tre polske diplomatar, melder Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt