Hopp til innhold

Tryggingsrådet fordømmer Nord-Korea

Tryggingsrådet i FN kom i kveld med ei sterk fordømming av den nordkoreanske atomtesten i dag tidleg.

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin

Vitalij Tsjurkin er president i Tryggingsrådet denne perioden.

Foto: Richard Drew / Scanpix/AP

Tryggingsrådet samla seg til krisemøte ved 22.30-tida norsk tid i kveld, ein halv time forseinka.

Etter tre kvarter var det oppnådd semje i rådet om at den nordkoreanske atomtesten er eit brot på FN-resolusjon 1718, opplyser presidenten i Tryggingsrådet, Vitalij Tsjurkin frå Russland.

- Medlemene i Tryggingsrådet har bestemt seg for straks å starte arbeidet med å få til ein ny resolusjon om Nord-Korea, heiter det i ei fråsegn frå det lukka møtet i rådet.

USAs nye FN-ambassadør Susan Rice

USAs FN-ambassadør Susan Rice.

Foto: MIKE SEGAR / REUTERS

USAs FN-ambassadør Susan Rice sa ettert møtet at USA vil arbeide for ein krass resolusjon med tøffe straffetiltak mot Nord-Korea.

Resolusjon 1718 vart vedteken etter den første nordkoreanske testen av atomvåpen i 2006.

Resolusjon 1718 innebar ei rad økonomiske saanksjonar mot Nord-Korea, og forbaud landet å gjennomføre nye atomprøvesprengingar eller testar av ballistiske rakettar.

Nord-Korea braut resolusjonen også 5. april ved å gjennomføre ei rakettoppskyting. Leiinga i Pyongyang hevda at dei skaut opp ein satellitt, men det vart tolka av omverda som ei fordekt prøvesksyting av ein langdistanserakett.

LES OGSÅ: Obama truar Nord-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt