Hopp til innhold

Tryggingskjelde: USAs ambassade i Bagdad ramma av rakettangrep

Fleire rakettar landa nær tryggingssona i Iraks hovudstad Bagdad søndag. Det er fleire ambassadar i området. Det er ikkje meldt om skadde eller døde.

USAs ambassade i Irak

Rakettane skal ha treft like ved USAs ambassade i den grøne tryggingssona i Bagdad.

Foto: STRINGER / Reuters

Søndag ettermiddag kom det høge smell frå området der dei fleste av dei utanlandske ambassadane ligg i Irak. Ein av ambassaden som ligg nær det området rakettane trefte, er den amerikanske.

Ei tryggingskjelde seier til AFP at tre rakettar trefte den amerikanske ambassaden, medan Iraks tryggingsstyrkar seier at det var fem rakettar som trefte den grøne sona.

Ifølgje kjelda skal ein av rakettane ha treft eit kafé-område.

Dei seier at det ikkje er meldt om skadde eller døde etter rakettangrepet. Det er heller ikkje kjent kven som står bak.

Protestar

Dette er det tredje angrepet mot amerikanske mål i Irak denne månaden, melder AP.

Angrepet skjer to dagar etter at tusenvis av menneske demonstrerte mot USA etter at den religiøse leiaren Moqtada Sadr kravde at dei amerikanske troppane måtte forlate landet.

Tidlegare denne veka var det fleire tusen menneske som gjekk ut i gatene i Bagdad for å støtte kravet frå den religiøse leiaren Moqtada Sadr om at dei amerikanske soldatane må forlate Irak.

Foto: Ahmad Al-rubaye / AFP

Dei amerikanske soldatane i Irak har vore eit heitt tema i landet etter at den iranske generalen Qasem Soleimani i eit amerikansk angrep 3. januar.

Rundt 5.200 amerikanske soldatar er i Irak for å leie ein internasjonal koalisjon mot IS, men Irak meiner angrepet mot Soleimani var eit brot på mandatet.

SISTE NYTT

Siste nytt