Trur Trump vil innføre biltoll

EUs handelskommissær, Cecilie Malmström, trur handelskrigen mellom USA og EU blir trappa opp til hausten, og at det kjem amerikansk importtoll på europeiske bilar.

EUs handelskommissær Cecilia Malmström holder pressekonferanse om mulig handskrig

Handelskommissær i EU, Cecilia Malmström, seier EU er villige til å forhandle om tollsatsar. Men ho trur handelskrigen mellom USA og EU blir trappa opp ved at USA innfører høgare toll på europeiske bilar frå hausten.

Foto: Aris Oikonomou / AFP

I slutten av mai kom meldinga om at USA ville innføre toll på stål og aluminium frå EU, Canada og Mexico. EU varsla mottiltak, som mange rekna med ville gjelde frå 1. juli. Men no seier handelskommissær i EU, Cecilia Malmström, til SVT at det kan kome toll på amerikanske varer allereie i neste veke.

– Vi innfører «balanserande tiltak», altså toll, i neste veke. Vi følger reglane til verdshandelsorganisasjonen WTO ned til kvart minste komma.

Ho trur også at handelskrigen blir trappa opp til hausten. Donald Trump har truga med å innføre opp mot 25 prosent importtoll på bilar. Malmström meiner den amerikanske presidenten truleg kjem til å gjere alvor av trugsmålet.

– Eg er sikker på at han kjem til å gjere det. Men han kan ikkje gjere det før han har gått gjennom ein prosess først. Difor kjem dette først til hausten.

Omstridd toll

Den amerikanske metalltollen har skapt reaksjonar både internasjonalt og i USA. Republikanske politikarar åtvara mot å sette i verk ein auke i tollen. Blant dei er kritiske, er Paul Ryan.

– Eg er ikkje samd i avgjerda. Dette rammar våre allierte når vi i staden burde samarbeide med dei om den urettferdige handelspraksisen som land som for eksempel Kina fører.

Innføringa av auka tollsatsar sette også preg på G7-møtet i Canada nyleg. Der kravde Donald Trump slutt på urettvise handelsavtalar.

– Vi er sparegrisen alle robbar, men det skal det bli slutt på, sa han under ein pressekonferanse under møtet.

Vil forhandle om toll

I dag har EU 10 prosent toll på amerikanske bilar, medan tollen på europeiske bilar har 2,5 prosent toll i USA. Trump meiner dette er eit eksempel på kor urettvis handelspolitikken EU fører mot USA er.

USAs president Donald Trump varsler økt toll på metall.

Donald Trump innførte toll på stål og aluminium, trass i protestar frå både andre land og stemmer i eige parti.

Foto: Evan Vucci / AP

Difor har han truga med å auke den amerikanske biltollen på europeiske bilar. Men Cecilia Malmström seier til SVT at EU kan vere villige til å forhandle bort toll på enkelte varer.

– Vi har sagt til Donald Trump at vi kan prate om dette. Vi er villige til å ta bort toll på bilar og bildelar dersom USA tek bort toll på enkelte europeiske varer. Men vilkåret var at han ikkje skulle straffe oss med toll på stål. Og det var det Trump valde å gjere denne gongen, seier Malmström.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt