Statsminister Ariel Sharon har tru på eit gjennombrot som vil føre oss til tryggleik og fred. (Foto: Reuters / Scanpix)
– Eg trur forholda no er lagt til rette slik at det er mogeleg for oss og palestinarane å oppnå eit historisk gjennombrot, sa Sharon på eit møte med ei gruppe frå næringslivet i kveld.
Tryggleik og fred
Han la til at han då snakka om eit gjennombrot som kunne føre til tryggleik og fred, skriv telegrambyrået Reuters.
Sharon sa også at dersom palestinarane går inn for å få «ein slutt på terrorisme, oppvigleri og vald», kan Israel vere klar til å halde fram kontakter rundt ein vegkart-plan for fred som vil føre til ein palestinsk stat.
Rosa Abbas
Tidlegare i dag rosa Sharon den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, for tiltaka han har sett i verk på Gazastripa for å hindre angrep på israelske mål.
Det blir no arbeidt for å få til eit toppmøte mellom Sharon og Abbas i nær framtid.