Hopp til innhold

Trur ny klimaavtale blir vanskeleg

– Eg trur det blir ekstremt vanskeleg å få på plass ein ny internasjonal klimaavtale. Det seier toppsjefen for klimaarbeidet i EU, Connie Hedegaard. Avtalen skal vere klar i 2015. – Vi er nøydde til å stille krav også til dei fattige landa, seier ho.

Connie Hedegaard

Connie Hedegaard er EUs klimakommisær.

Foto: NRK

Om to og eit halvt år skal ein ny internasjonal klimaavtale vere klar. Målet var det same før klimatoppmøtet i København i 2009.

Presset var stort og mange stats- og regjeringssjefar møtte fram. Men det blei ingen avtale den gongen.

No prøver FN igjen. Framfor konferansen i 2015 er ambisjonane dei same som før København-møtet.

Connie Hedegaard

EUs klimakommisær Connie Hedegaard under klimakonferansen i Doha før jul.

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

Som dansk minister var Connie Hedegaard vertskap i København. Sidan har ho hatt jobben som EUs klimakommissær.

Vil ikkje forplikte seg

– I København såg vi at dei viktige landa ikkje ville forplikte seg. Det blir også den heilt store utfordringa i 2015, seier Hedegaard i eit intervju med Urix.

– Den einaste skilnaden er at det har gått seks år, og at det berre er blitt verre på klimafronten. Så presset er endå større no.

– Kva blir det største hinderet?

– Den heilt store diskusjonen i dei to åra vi har framfor oss, blir følgjande: Vi lever i det 21. hundreår. Vi kan ikkje lenger dele verda inn i ei lita gruppe i-land som skal gjere noko, og ei stor gruppe u-land, inkludert Kina, som ikkje er forplikta til å gjere noko. Det avspeglar jo ikkje den verda vi lever i.

– Diskusjonen blir: Korleis kan vi alle bidra. Sjølvsagt skal dei rike bidra meir enn dei fattige, men det er viktig at vi alle gjer det vi kan. Det er fleire land som gøymer seg bak dette at dei er eit u-land og ikkje er forplikta til å gjere noko med utsleppa sine.

Positive signal frå Kina

– Og så blir det vanskeleg å få USA med på noko som er forpliktande. Sjølv om Barack Obama no talar varmt om klima, må vi ikkje tru at USA i løpet av eit par år skifter grunnleggjande haldning i klimapolitikken.

Hedegaard er glad for positive signal frå Kina, som har planar om å innføre CO2-avgift.

– Dei ser at dei ikkje berre kan fokusere på økonomisk vekst utan å tenkje på miljø. EU-kommisjonen arbeider saman med Kina om å lage eit system for handel med klimakvotar. Fleire pilotprosjekt er i gang. Vi ser den same utviklinga i USA. Obama fokuserer på energisparing og fornybar energi.

Ikkje berre FN-sporet

– Sidan arbeidet med den nye avtalen blir krevjande, trur eg det er nødvendig å supplere den internasjonale prosessen med andre slags former for samarbeid. Vi skal framleis ha klimaforhandlingar i FN-sporet, men landa må også begynne å handle meir på eiga hand. Kanskje vi kan bruke ein global avtale også til å registrere det som skjer av forpliktande tiltak i dei ulike landa.

– Kva blir EUs rolle framover?

– Vi vil prøver å presse prosessen framover i godt samarbeid med Noreg og andre. Det er viktig for oss å vise at det ikkje er ein motsetning mellom å skape økonomisk vekst og ta seg av klima og miljø på alvor. For eksempel er energieffektivisering godt for økonomien – og det er samtidig godt for klimaet. Jo meir vi kan vise dette til andre, jo sterkare står vi.

– EUs rolle kan bli svekka

Steffen Kallbekken

Forskingsleiar Steffen Kallbekken ved CICERO Senter for klimaforsking

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

EU har tradisjonelt hatt ei sentral rolle i de internasjonale klimaforhandlingane. Forskingsleiar Steffen Kallbekken ved CICERO Senter for klimaforsking følgjer forhandlingane tett. Han trur det kan endre seg.

– EU har i lang tid vore den store pådrivaren i det internasjonale klimaarbeidet. Det kan sjå litt vanskelegare ut no, blant anna fordi det store flaggskipet deira i klimapolitikken, kvotehandelssystemet, ikkje fungerer like godt som før, med veldig låge prisar i kvotemarknaden.

– Kva ser du for deg kan bli den store utfordringa framover for Connie Hedegaard og EU i klimaarbeidet?

– Først må dei klare å samle seg om ein felles politikk for perioden 2020–2030. EU-landa står ikkje samla i dag. Først må dei altså ta den interne kampen – deretter jobbe for å få land som USA og Kina med seg på ein ambisiøs avtale.

Ambisjonsnivå og finansiering

Som Hedegaard, trur han det blir krevjande å snikre saman ein ny global avtale.

– Det er spesielt to spørsmål som blir vanskelege. Det eine er å bli samde om ambisjonsnivået for utsleppskutt og korleis kutta skal fordelast mellom landa. Det andre er finansiering.

– Rike land skal no oppfylle løfta sine om eit klimafond på 100 milliardar dollar i året innan 2020. Og det spørsmålet som kjem opp med full tyngde framover, handlar om kompensasjon til land som blir skadelidande som følgje av klimaendringane. Det blir utfordrande, seier Kallbekken.

SISTE NYTT

Siste nytt