Trur ikkje på opptrapping i Libanon

Israelsk militære trur ikkje på vidare opptrapping i Libanon etter at spenninga mellom dei to tidlegare fiendane kokte over tysdag.

FN viftar med flagg langs grensa

Ein soldat frå dei fredsbevarande styrkane vifter med kvitt flagg.

Foto: Ronith Daher / Ap
Mideast Lebanon Israel

Israelske soldatar har teke oppstilling etter at israelsk og libanesisk militære har kjempa på grensa.

Foto: Mohammed Zaatari / Ap
Nasrallah på libanesisk tv

Sayyed Hassan Nasrallah nektar å sjå på eit nytt israelsk angrep mot Libanon.

Foto: Al-Manar TV / Afp
Hizbollah får støtte i Beirut

Folk i Beirut jubla til Nasrallah-talen.

Foto: Khalil Hassan / Reuters

– Eg trur dette var ei eingongshending. Vi har fått oppmodingar og krav frå høgste hald i den libanesiske hæren om å stanse skytinga, seier generalmajor Gadi Eisenkot ifølgje nyhetisbyrået Reuters.

Sikkerheitskjelder og vitne seier situasjonen raskt roa seg etter samanstøytane, men at spenninga framleis er høg.

Hendinga var den alvorlegaste mellom dei to landa sidan 2006, då Israel og Hizbollah kriga. Det uvanlege med situasjonen var at det var libanesiske soldatar, og ikkje Hizbollah, Israel kom i skotveksling med.

Nasrallah vil handle

Hisbollah-leiaren Sayyed Hassan Nasrallah seier gruppa hans ikkje vil stå stille og sjå på om Israel angrip den libanesiske hæren i framtida.

– Den israelske handa som angrip ein libanesisk hær, vil bli kutta av, seier Nasrallah i ein video, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Han streka under at medlemmene denne gong hadde fått beskjed om ikkje å aksjonere.

– Vi har bede våre væpna medlemmer om å halde igjen, og ikkje gjere noko, seier Nasrallah.

EU, FN og USA urolege

EU er djupt uroa for situasjonen i Midtausten etter dei dødelege angrepa mellom Israel og Libanon.

- Eg vil uttrykkje mi alvorlege bekymring for utvekslinga av skot på grensa mellom Israel og Libanon, seier utanrikssjefen i EU, Catherine Ashton.

Ho ber begge partar om å beherske seg, og seier begge må gjere grep for å hindre at sitasjonen utviklar seg, skriv nyheitsbyrået AFP.

Også USA og FN har bede dei to landa om å halde tilbake og unngå å gå tilbake til krig.

– Vår absolutt viktigaste oppgåve no er å gjenopprette ro og orden i området, seier Neeraj Singh, som er talsmann for FN-styrken UNIFIL i det sørlege Libanon.

USA er opptekne av å finne ut kva som skjedde:

– Dei første rapportane frå slike hendingar treng ikkje vere til å stole på. Vi gjer det vi kan for å finne ut kva som skjedde, seier talsmann Philip Crowley.

Ulike versjonar

Dei første meldingane seier at skytinga starta då israelske soldatar ville fjerne eit tre på libanesisk side av grensegjerdet mellom landa.

Den libanesiske hæren opplyste at ei israels patrulje gjekk over den såkalla blå linja ved grensa. Men det nektar israelsk militære for. Dei seier deira soldatar var på israelsk side då dei vart skotne på.

Resultatet vart at eit israelsk helikopter skaut ti rakettar mot ein libanesisk militærpost nær landsbyen Adaisseh. To militære køyrety vart øydelagde. Hæren skaut også granatar mot landsbyen, der to sivile vart såra.

Fleire libanesiske soldatar og ein israelsk offiser vart drepne.

Kranglar om skuld

President i Libanon Michel Suleiman og statsminister Saad Hariri meiner det er Israel som viser aggresjon mot dei.

– Dette er ei krenking av den libanesiske suvereniteten. FN og verdssamfunnet må ta ansvar og krevje at Israel gir seg, heiter det i ei fråsegn frå kontoret til Hariri.

Israel skuldar på Libanan og legg det fulle ansvaret på dei. Om det blir meir uro langs grensa, vil det få alvorlege konsekvensar, åtvarar Israel.

Fare for krig

Den internasjonale tankesmia International Crisis Group ICG kallar situasjonen langs grensa mellom Libanon og Israel for "ytterst farleg". Det er fare for full krig, heiter det i ein rapport dei la fram denne veka, skriv NTB.

– Dne militære styrkoppbygginga og trusselen om ein open krig som ikkje vil skåne nokon av partane, har skremt alle partar i konflikten, heiter det i rapporten.

Tankesmia meiner det også er fare for at Israel vil angripe Syria i ein eventuell krig. Målet med eit slikt angrep skal vere å hindre syrarane å levere våpen til Hizbollah, heiter det.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt