NRK Meny
Normal

Gaddafi: – Spreng oljeinstallasjonar

Gaddafi har gitt ordre om at sikkerheitsstyrkane i landet skal sabotere oljeinstallasjonar i Libya, hevdar etteretningsspesialist.

Muammar al-Gaddafi holder tale tirsdag

Maummar al-Gaddafi talte til folket tysdag kveld og lovde at han ville kjempe til siste dråpe blod.

Foto: Libyan State TV

Etter at fleire oljeselskap har redusert eller kutta i oljeproduksjonen, skal den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi ha gitt ordre til sikkerheitsstyrkane sine om å sprenge røyrleidningane som går til Middelhavet, i lufta.

Det hevdar etteretningsspesialisten Robert Baer i magisinet Time.

«Meg eller kaos»

Han skriv at av det vesle han klarte å få ut av truverdig informasjon frå Libya, var ei kjelde nær Gaddafi som seier den libyske leiaren no vil gjere situasjonen enda verre i landet ved å sprenge oljeinstallasjonar i landet.

Gaddafi skal ha gitt ordre om å sprenge oljerøyr som går til Middelhavet.

– Dei kjem til å starte å sprenge fleire røyrleidningar og stanse oljen frå å nå hamnene rundt Middelhavet, skriv Baer.

Han siterer kjelda si i Libya, som seier aksjonen skal vere ein beskjed til opprørane i landet: «Det er enten meg eller kaos», skal han ha sagt.

Et gassanlegg tilhørende Eni ved kysten ved Mellitah i Libya

Dette gassanlegget tilhøyrer italienske ENI og ligg ved kysten utanfor byen Mellitah.

Foto: Eni Press office / AP

Innrømmer feil

Ifølgje Baer sa kjelda hans for to veker sidan at opprøra som skjedde i Tunisia og Egypt aldri kunne nå Libya.

Han meinte Gaddafi hadde streng kontroll på alle stammesjefane i landet, som skal vere dei samme som har halde han ved makta dei siste 41 åra.

Kjelda tok feil den gongen, innrømmer Baer, og meiner det er viktig at lesarane hans er klar over at kjelda ikkje alltid har rett.

– Desperat Gaddafi

Ifølgje kjelda skal Gaddafi vere desperat etter å halde nettopp desse stammesjefane blide. Han skal vere fullstendig avhengig av deira støtte, sidan berre 5000 i hæren støttar Gaddafi.

Dette er elitestyrken i militæret, der alle offiserane er handplukka. Ein av leiarane i styrken er den yngste sonen til Gaddafi, Khamis. Heile hæren i Libya skal vere på 45.000 mann, ifølgje Baer.

Kjelda fortel også at Gaddafi har fortalt folk rundt seg at han veit at han ikkje kan vinne tilbake Libya med den militærstyrken han rår over, men at han håpar han kan få stammesjefane og offiserar i militæret til å angre på at dei snudde seg mot han.

– Eg har pengar og våpen nok til å kjempe i lang tid, skal Gaddafi ha sagt.

– Slepp fangar fri

Som del av den same planen for å få stammeleiarane på si side, skal Gaddafi ha sleppt fri islamistiske militante frå fengsel. Ifølgje kjelda skal Gaddafi håpe at desse skal vere med å skape det kaoset han treng for å vinne tilbake støtte.

Gaddafi skal ha sett føre seg at desse ville angripe utlendingar i Libya og herje med stammefolket.

Når det seinare vil bli mindre mat på grunn av innskrenka matlevering, håpar den libyske leiaren at dette til saman skal hindre folket frå å prøve å erstatte han, skriv Bear.

– Vil lage nytt Somalia

Gaddafi skal vere spesielt misnøgd med måten media dekkjer det som skjer i landet. Han skuldar Al-Jazeera for å så spiren som førte til opprøret og er sikker på at dei gjer det av politiske omsyn.

Han skal også føle seg svikta av Vesten, som han meiner har oppmuntra til opprøret i landet. Han skal ha åtvara fleire ambassadar i Europa at om han må gå av, kjem det til å føre til ein straum av afrikanske flyktningar frå landet.

Bear skriv også at kjelda seier seg samd i at Gaddafi er ein desperat og irrasjonell mann, og at truslane om at han vil gjere Libya om til eit nytt Somalia, kan vere ein bløff.

På den andre sida, vurderer Bear at Gaddafi kan klare å lage borgarkrig om han har støtte frå dei militære styrkane han meiner han har.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt