Hopp til innhold

Trur det er amerikanarane som vil tene på TTIP

BERLIN (NRK): Hundretusenar tok over gatene i sju tyske byar laurdag i ein massiv protest mot dei planlagde handelsavtalane mellom EU og USA og Canada.

Demonstrasjon mot TTIP

Det er ingen tvil om kven berlinarane som demonstrerer mot TTIP trur vil tene på avtala. Titusenvis hadde møtt fram i Berlins gater for å demonstrere mot TTIP og Ceta laurdag.

Foto: Markus Schreiber / Ap

– Dei kallar TTIP for ein frihandelsavtale, men det har ingenting med fridom å gjere. Derimot vil den heller vere med på å frårøve folk deira demokratiske rettar, seier Friedrikke Benda til NRK.

Ho er ein av titusenvis som har møtt opp på Alexanderplatz i Berlin under banneret «Stopp TTIP og Ceta – for ein rettferdig verdshandel». Også i Frankfurt, Köln, Stuttgart, Hamburg, Leipzig og München demonstrerer dei.

Ei ny meiningsmåling gjennomført av Ipsos viser at 28 prosent av tyskarane er skeptiske til Den transatlantiske handels- og investeringsplanen, som skjuler seg bak forkortinga TTIP.

TTIP-demonstrasjon i Berlin

Arrangørane venta rundt 80 000 demonstrantar i Berlin. Og mange hadde trassa regnet for å vise sin motstand mot frihandelsavtalane mellom EU og USA og Canada.

Foto: Markus Schreiber / Ap

Kan bli verdas største frihandelsmarknad

Forhandlingane om TTIP starta i 2013, og vil skape verdas største frihandelsmarknad som omfattar 850 millionar menneske. Ein mindre versjon av TTIP er også på bordet mellom EU og Canada. Denne avtalen som går under namnet Ceta er venta å bli signert i oktober.

Seniorforsker Arne Melchior i NUPI

Seniorforskar Arne Melchior seier at både EU og USA partar vil tene på ein frihandelsavtale.

Foto: NUPI

– Det er klart at dette er utruleg viktig for arbeidsplassar i Europa, seier NUPI-forskar Arne Melchior til NRK, og seier at spesielt bilindustrien har store forventingar til avtala.

Men mykje av frykta blant motstandarane ligg i at det er USA som vil tene mest på avtala, fordi lønene der er lågare. Melchior seier at dette kjem an på kva sektor ein ser på, men at begge partar klart vil tene på ein avtale.

Frykta for klorbleika kyllingar

Motstandarane er også redde for at avtala kan utvatne reglar knytt til helse og miljø. Klorbleika kyllingar har blitt eit mykje omtala skrekkbilete på kva konsekvensar denne avtala kan få.

– USA gjekk først høgt ut på bana og sa at dei ville harmonisere reguleringar og standardar for ulike typar matvarer og kjemikaliar, men systema i USA og Europa er såpass ulike at dette ikkje kjem til å skje. Ein vil heller finne andre ordningar for å godkjenne kvarandre sine produkt, seier Melchior.

Eit anna omstridd område er det rettslege. Den såkalla investor-stat-tvisteløysinga gjer at selskap kan saksøke statar. Mange ser dette som at store multinasjonale selskap kan få for mykje makt på kostnad av folkevalde politikarar. I tillegg har mange kritisert hemmeleghaldet rundt avtala.

Politisk splid på begge sider av Atlanteren

– TTIP er ein krig mot folkets interesser. Det handlar berre om kva amerikanske kapitalistar er interesserte i, og korleis dei ønsker å auke makta si, seier Helga Katschmann og Helmut Leinweber til NRK.

Demonstrerer mot TTIP

Helga Katschmann og Helmut Leinweber meiner TTIP berre gagnar amerikanske rikfolk.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Ein amerikansk kapitalist som derimot ikkje er interesserte i noko frihandelsavtale er presidentkandidat Donald Trump. Trump har vore høglydt om sin avsmak frå frihandelsavtalar, og Clinton skal ha blitt meir negativ til TTIP med tida. Difor er forhandlarane på begge sider av Atlanterhavet opptekne av å få avtala i hamn før Barack Obama er ferdig i Det kvite hus i januar.

Men EU er også splitta, og tospannet Tyskland og Frankrike står her på kvar si side. Frankrikes statsminister Manuel Valls har bede om at forhandlingane må ta slutt, medan Tysklands forbundskanslar Angela Merkel gir avtala si fulle støtte. Ho seier at avtala vil vere eit godt verkemiddel for å skape jobbar.

Merkel får derimot ikkje heile den tyske regjeringa med seg. Visekanslar og økonomiminister Sigmar Gabriel sa sist månad at forhandlingane i praksis har feila. Han insisterte på at Europa ikkje må gi etter for amerikanske krav.

EU-kommisjonens president Jean Claude Juncker nemnde ikkje frihandelsavtala i det heile då han held sin årlege «state of the union»-tale til EU-parlamentet onsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt