Hopp til innhold

Britisk politi trur dei har tatt alle

Britisk politi trur dei har pågripe alle dei hovudmistenkte etter dei mislukka terroråtaka i Storbritannia.

Politi utanfor Scotland Yard, London.

Politi utanfor Scotland Yard, London. Sikkerheitsnivået er fortsatt på sitt høgaste, sjølv om politiet meiner å ha tatt dei hovudmistenkte etter terroråtaka.

Foto: SIMON DAWSON / AP

Britiske politikjelder understrekar ovanfor Sky News at etterforskinga langt frå er ferdig og at sikkerheitsberedskapen truleg kjem til å bli verande på høgste nivå ei tid framover.

Ifølgje BBC har alle dei åtte arresterte etter åtaka i Glasgow og London, forbindelsar til det britiske helsevesenet. 

Sju skal vere legar eller medisinstudentar, mens mannen som er pågripen i Australia tidlegare jobba som laboratorieteknikar i England.

Vart dei sendt med hensikt?

Noko av det politiet jobbar med å finne ut av, er om dei arresterte vart kom til Storbritannia med hensikt å utføre eit åtak, eller om dei vart radikale etter dei kom.

- Om dei vart sendt hit, er vi tilbake til eit åtak av ein type vi trudde var forsvunne, seier den britiske terroreksperten Jason Burke, som skriv for The Observer, til NTB.

 Sjå også: Britisk media antyder at Ansar al- Islam kan stå bak terroråtaka i Storbritannia.

- Amatørmessige åtak

- Det ser ikkje ut til at politiet visste om desse personane på førehand, seier Burke, som omtalar dei mislukka åtaka i London som amatørmessige.

- Det er bra fordi det viser at islamske ekstremistar har lita erfaring og slit med å gjennomføre avanserte operasjonar. Men det er også dårlege nyheiter, fordi det betyr at trusselen også kjem frå folk det er vanskeleg å stanse, vanlege borgarar som er sinte eller forstyrra nok til å bli radikalisert, meiner han.

Sjokkerte helsearbeidarar

Tilsette i helsesektoren i Storbritannia er sjokkerte over at alle dei mistenkte høyrer til deira sektor.

Arrestasjonane av legar reiser også spørsmål ved prosedyrane for å tilsette utanlandske legar og andre helsearbeidarar, meiner Prasad Rao, som leier British International Doctors Association.

Høgt spenningsnivå

Sikkerheitstiltaka rundt om i Storbritannia er framleis strenge. 

Fleire tusen reisande vart evakuerte frå terminal fire på Heathrow flyplass tysdag. Årsaka var ein mistenkeleg bag som vart funnen, og fleire tusen passasjerar måtte gjennom ekstra undersøkingar.

British Airways, som er det største flyselskapet med avgangar frå terminalen, kansellerte over hundre avgangar.

Storbritannias statsminister Gordon Brown kunngjorde tysdag at han vil opprette eit nytt nasjonalt sikkerheitsråd.

Les også: Brown vil opprette nasjonalt sikkerheitsråd

Heathrow

Væpna politi vaktar inngangen til terminal 2 ved Heathrow flyplass.

Foto: Tim Ockenden / AP

 

SISTE NYTT

Siste nytt