Trumps militære rådgjevar: – Øvingane i Noreg bør sende eit sterkt signal til Russland

Åtte Nato-land skal dei neste to vekene øve på ubåtkrig utanfor kysten av Noreg. Militærøvingane bør sende eit sterkt signal til Russland, meiner sjefen for det amerikanske sjøforsvaret.

John Richardson, admiral

Admiral John Richardson er sjef for det amerikanske sjøforsvaret og seier at det er naturleg at USA og Noreg utvidar det militæret samarbeidet.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Krig med og mot ubåtar. Det er det Nato øver på utanfor kysten av Troms og Nordland.

Å finne ubåtar er svært komplisert. Derfor har amerikanarane med seg eit eige overvakingsfly, som skal gjere det enklare å oppdage fiendtlege ubåtar. Den årlege ubåtøvinga til Nato starta måndag. Det auka militære samarbeidet har fått russarane til å reagere.

Militærfly

Amerikanske P8-overvakingsfly er med under Nato-øvinga.

Foto: Ole Dalen / NRK

Eit sterkt signal

Samtidig som alliansen øver i nord, legg eit spesielt skip til kai utanfor Akershus festning i Oslo. Vanlegvis ville det vore fleire tusen cruiseturistar om bord på skipa som legg til kai her, men ikkje i dag.

Fredag kom krigsskipet «USS Bainbridge» på besøk. Jagaren har kryssarrakettar om bord og noko av verdas mest avanserte våpen innan anti-ubåtkrigføring.

Besøket skjer på same tid som USA utvidar det militæret samarbeidet med Noreg. Nyleg vart det klart at norske styresmakter aukar talet amerikanske marinesoldatar som får øve i Noreg, og flyttar dei nærmare grensa mot Russland.

– Dei bør sjå på dette som eit sterkt signal, at vi kjem til å vere solide partnarar, seier admiral John Richardson til NRK.

USS Bainbridge

Krigsskipet «USS Bainbridge» høyrer til Atlanterhavsflåten til USA, og besøket i Noreg viser at det er sterke militære band mellom dei to landa.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Tettare militære band

Richardson er sjef for det amerikanske sjøforsvaret, og måndag møtte han norske forsvarstoppar om bord på det amerikanske krigsskipet.

Frank Bakke-Jensen

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier at Russland ikkje har noko grunn til å reagere på Nato-øvinga i nord.

Foto: : Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Vi ser meir aktivitet i nærområda våre. Det er frå vår side ei ønska utvikling, at Nato har fokus på Europa og det gamle allianseløftet, seier Noregs forsvarsminister, Frank Bakke-Jensen.

Tryggingssituasjonen gjer at Nato har tatt oppdraget sitt tilbake til Atlanterhavet, forklarar Jensen

– Der det for fem-seks år sidan var fred, er det ikkje slik lenger. Det er ikkje berre Russland som spelar inn her, det er også ein meir usikker situasjon. Derfor etablerer vi ein ny kommando for Nord-Atlanteren, og vi øver meir med våre allierte.

militarovelse

Åtte Nato-land er med i øvinga Dynamic Mongoose. Landa deltek med ubåtar, skip og overvakingsfly.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Større interesse for nordområda

Samtidig som Nato starta ubåtøvinga, er Russland inne i den siste veka av det som har vore den største militærøvinga landet har hatt i Barentshavet på ti år.

Øvingsaktiviteten i nord viser at nordområda er blitt viktigare. Dei har fått ei større strategisk verdi for Russland, Noreg, USA og Nato.

– Både klimaendringar og tryggingssituasjonen gjer at det er auka interesse for nordområda, seier Richardson.

Han er ein av admiralane som sit rundt bordet til den amerikanske forsvarsleiinga «Joint chiefs of staff», og er rådgjevar til president Donald Trump.

At Trump ønskjer eit betre forhold til Russland, er ikkje i konflikt med det utvida militæret samarbeidet, meiner Richardson.

– Ein sterk militær posisjon hjelper andre delar av dei nasjonale kreftene å jobbe meir produktivt.

Russisk øvelse i Barentshavet

I juni segla 36 russiske krigsskip ut i Barentshavet. Øvinga var ikkje varsla, og er den største samlinga av russiske skip i Barentshavet dei siste ti åra.

Foto: Den russiske nordflåten

Varsla naboen

At Russland ikkje likar den auka militære aktiviteten i Noreg ser ikkje ut til å gjere verken Richardson eller Jensen uroa.

Det bør ikkje overraske russarane at vi øver med våre allierte. Det er ingen grunn til å reagere, seier Jensen.

Øvinga er ikkje så stor at den på papiret må varslast internasjonalt, men Noreg har likevel valt å gjere det.

– For Noreg er det viktig å vere ein føreseieleg og lesbar nabo for Russland, seier Jensen.

Det same har dei gjort om øvingane dei skal halde til hausten. Med 30.000 menn skal Nato gjennomføre dei største militærøvingane på norsk jord sidan den kalde krigen.

SISTE NYTT

Siste nytt