Hopp til innhold

Trump: USA har drepe Al Qaida-topp i Jemen

USAs president Donald Trump stadfestar at amerikanske styrkar har drepe leiaren av Al Qaida i Jemen.

Etterlysningsplakat fra det amerikanske Justisdepartementet

På ein etterlysingsplakat frå det amerikanske justisdepartementet vert det lova ut dusør på opptil 10 millionar dollar for opplysningar som fører til at Qasim al-Rimi vert teken.

Foto: Reward for Justice

I ei fråsegn seier Trump at USA gjennomførte eit angrep i Jemen «som med suksess eliminerte Qasim al-Rimi, ein grunnleggjar og leiar av Al Qaida på den arabiske halvøya (AQAP)».

AQAP tok søndag på seg skulda for eit angrep på ein amerikansk marinebase i Florida i desember i fjor der to menneske vart drepne.

Trump seier at under leiing av Rimi har AQAP stått bak heilt urimeleg vald mot sivile i Jemen, og freista å utføre og inspirere til talrike angrep retta mot USA og amerikanske styrker.

Ifølgje Trump var Qasim al-Rimi med og starta Al Qaida på 1990-talet. Han var i leiinga samman med Osama bin Laden i Afghanistan, og han har vore nestleiar i Al Qaida under Ayman al-Zawahiri. Rimi var sjølv opphaveleg frå Jemen, og skal ha rykka opp som AQAP-leiar i 2015 då Nasir al-Wuhayshi, som var grunnleggjaren og tidlegare leiar for AQAP, vart drepen i eit droneangrep.

Jakta på i fleire år

Han seier vidare at Rimis død skader AQAP og Al Qaida-rørsla, og gjer at USA er nærare å eliminere den trusselen dei utgjer mot den nasjonale tryggleiken i USA.

Trump sa ikkje noko om når Rimi vart drepen. Men droneåtaket skal ha skjedd 25. januar, ifølgje stammeleiarar i Wadi Ubaidah-området i provinsen Maarib. Dette er kjent som eit kjerneområde for Al Qaida på den arabiske halvøya.

31. januar meldte New York Times at kjelder i det amerikanske statsapparatet hadde uttrykt at dei var trygge på at Rimi (41) vart drepen i Jemen. Amerikanske styresmakter hadde jakta på han i feire år, og hadde kalla han leiar av «den farlegaste greina av Al Qaida».

Det amerikanske justisdepartementet har lova ut dusør på opptil 10 millionar dollar for opplysningar som kan føre til at Qasim al-Rimi vert teken.

Laster Twitter-innhold

AQAP seier dei sto bak Florida-åtak

I åtaket på marinebasen Naval Air Station Pensacola i Florida 6. desember i fjor, vart den mistenkte gjerningsmannen sjølv drepen. Han vart identifisert som ein 21 år gamal fenrik i det saudiarabiske luftvåpenet som hadde fått opplæring som pilot på basen.

Amerikanske styresmakter erklærte åtaket som ei terrorhandling, men dei har ikkje stadfesta påstanden om at det var AQAP som stod bak eller skulda dei for åtaket.

Ifølgje amerikanske medium var det i tillegg til dei to drepne, minst 11 skadde på basen i Pensacola.

Den same dagen som den iranske generalen Qasem Soleimani vart drepen i eit amerikansk droneangrep i Bagdad i Irak, 3. januar, skal USA i løyndom ha forsøkt å likvidere ein annan iransk militær leiar i Jemen.

SISTE NYTT

Siste nytt