Rådgjevarane har foreslått å vurdere å annullere den inngåtte avtalen, og forhandle fram ein ny med større fordeler for Kina.
Stadige angrep frå president Donald Trump skal ha gjort kinesarane rasande, skriv den engelskspråklege kinesiske avisa Global Times.
Avisa siterer kjelder tett på den kinesiske regjeringa. Global Times er ikkje noko offisielt partiorgan, men det som vert meldt der, er truleg tett på vurderingane til den kinesiske regjeringa.
Flat avvising
I USA gjorde president Donald Trump det måndag kveld heilt klart at Kina berre kan gløyme å reforhandle avtalen frå januar.
– Det er eg ikkje interessert i. Ikkje det minste, vesle grann, sa Trump under pressemøtet i Rosehagen ved Det kvite hus.
Kina har i avtalen gått med på å kjøpe varer og tenester frå USA for minst 200 milliardar dollar, medan USA skal trappe ned tollen på kinesiske varer.
Stadige amerikanske angrep på den kinesiske handlemåten i samband med korona-pandemien har likevel ført til ein «tsunami av sinne» på kinesisk side, ifølgje Global Times.
Truslar og skuldingar
Trump har mellom anna trua med straffetoll, han har skulda Kina for å ha skjult og halde tilbake informasjon, insinuert at Kina har produsert, spreidd og planta koronaviruset med vilje og bede pressa stille kritiske spørsmål til Kina, ikkje til han.
Presidenten skuldar òg Kina for at viruset har spreidd seg over heile verda, og for den globale økonomiske krisa som har komme.
Tonen var ganske annleis då Trump 21. januar i år, sa at USA sitt forhold til Kina truleg aldri hadde vore betre. I ei rekke Twitter-meldingar i slutten av januar og februar, omtala mellom anna i Politico, hylla Trump òg den kinesiske handteringa av koronaviruset, openheita, handlekrafta og samarbeidet med USA.