Hopp til innhold
Urix forklarer

Trump, Clinton, verda og vi

Mykje USA i mediene no, og meir skal det bli. Men vi dekker også krigen. Og freden.

Donald Trump og Hillary Clinton på scenen under debatten i Las Vegas

DEBATT: Donald Trump og Hillary Clinton møttest til duell i den tredje debatten i Las Vegas natt til torsdag norsk tid.

Foto: DAVID BECKER / Reuters

Den norske dekninga av den amerikanske valkampen er intens. Så intens at diskusjonen går høgt. Om mengde. Om vinklingar. Og om resten av verda.

Her er svar på fire sentrale spørsmål om NRK og medienes dekning:

1: Blir USA-valet overdekka?

Donald Trump og Hillary Clinton
Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Nei. Dekninga er intens, også i NRK, men få ting er viktigare enn det amerikanske presidentvalet. Og ingenting engasjerer meir.

Clinton vs. Trump er eit drama ulikt alt anna. Han meiner ho bør fengslast, ho meiner han kan kome til å utløyse atomkrig i affekt. Han hevdar valet er manipulert og vil ikkje svare på om han vil godta valresultatet, ho meiner han er ueigna.

Det handlar om verdas viktigaste jobb, om det amerikanske demokratiet, om sexskandaler, om frustrerte velgarar og om eit splitta USA. Interessa er voldsom.

Det er ingen tvil om at dekninga er omfattande. Men hadde ikkje dekninga vore tett og intens, ville ikkje mediene gjort jobben sin.

2: Overskuggar USA-valet andre viktige saker?

Ja, til ein viss grad gjer den det. Særleg på nyhetsplass. På den andre sida; slik er det alltid. Dei største og viktigaste sakene skuggar for dei mindre. Men vi er oss dette bevisst.

No pågår ein større offensiv mot terrororganisasjonen IS i Mosul. Våre korrespondentar Kristin Solberg og Sidsel Wold er der. Peter Svaar var i Thailand forrige veke då kongen døydde, mens Anders Tvegård reiste til Colombia for å intervjue den ferske fredsprisvinneren. Og for å lage reportasjer om den skjøre freden.

Også dette har prega nyhetsbildet den siste tida.

Vi har styrka USA, men ikkje flytta korrespondentar frå andre område.

Saka held fram under biletet

Flykter fra angrep

No pågår ein større offensiv mot terrororganisasjonen IS i Mosul og NRK er på plass.

Foto: Uncredited / Ap

3: Er mediene urimeleg kritiske mot Trump?

Aldri har nokon presidentkandidat utfordra så kraftig som Trump. Han sår tvil om demokratiet, han flørtar med rasisme, han vil kaste motkandidaten i fengsel. Og han har splitta sitt eige parti. Han har bevisst brukt sjokkerande utspel for å halde seg i mediene, og i stor grad lukkast med den strategien.

Visst har Trump vore ei utfordring for mediene, på mange plan, og debatten om dekninga vil pågå lenge. Men han er i stor grad tatt på ordet, det er dei ytterleggåande utspela som gir oppslaga, det er rett av mediene å ha ei kritisk tilnærming. Så er det vår jobb også å gi bakteppet for den store oppslutninga han trass alt har.

4: Er mediene urimeleg kritiske mot Clinton?

Fleire meiner at mediene «balanserer» den kritiske dekninga av Trump, med urimeleg kritisk dekning av Clinton.

Det er rett at Trumps ytterleggåande form og bodskap har gitt mediene ei stor utfordring, både med omsyn til balanse og omfang av dekninga. Samtidig viser målingane at den mest sannsynlege neste presidenten i USA heiter Hillary Clinton. Det kallar i seg sjøl på ei kritisk dekning av henne, både hennar manglande popularitet i store delar av befolkninga og hennar politikk.

Men Trump tar så mykje fokus med sine ytterliggående utspel – som det at han sår tvil om han vil godta valresultatet – at vi må passe på også å ha søkelys på Clinton.

Spegle valet

Det er medienes jobb å spegle valet. Det er også vår jobb å omtale dei forhold som kan påvirke valresultatet. I ein slik kontekst høyrer sexsladder og epostskuldingar med. Men også USAs demografi, den sterke splittelsen, og frustrasjonar i delar av velgarmassa.

Den som er lei av det amerikanske valet må smøre seg med tolmod endå ei tid.

It ain't over till it's over!