Svaret frå Trump kom etter at han vart konfrontert under den republikanske debatten i Cleveland, Ohio i natt norsk tid.
Forretningsmannen si forklaring kom etter at ein av debattleiarane hadde ramsa opp døme på skildringar av kvinner som skal ha kome frå Trump.
– Feite grisar og avskyelege dyr
Og karakteristikkane var ikkje beskjedne. Trump skal etter sigande ha kalla kvinner han har kritisert for bikkjer, feite grisar og avskyelege dyr, i tillegg til mykje meir.
– Eg har ikkje tid til å vere politisk korrekt, small det frå Trump.
I tillegg til å ta avstand frå politisk korrektheit, kom Trump med noko som minna om ein trussel om å ikkje vere grei mot debattleiaren Megyn Kelly.
– Men det skal eg la vere, forsikra han.
Diskuterte overvaking
Guvernør i New Jersey, Chris Christie og Rand Paul stod for kveldens heftigaste ordskifte, om etterretninga si masseinnsamling av telefondata.
– Eg vil samle meir data om terroristar og færre om amerikanske borgarar, sa Paul, som er kritisk til masseinnsamlinga.
– Det er eit heilt idiotisk svar, korleis veit du kven som er kven, repliserte Christie.
I tillegg til Trump, Paul og Christie, deltok guvernør Scott Walker, tidlegare guvernør Mike Huckabee, senator Ted Cruz, tidlegare guvernør Jeb Bush, lege Ben Carson og Ohios guvernør John Kasich i debatten.
Presidentkandidat Marco Rubio og kona helser på medkandidat Chris Christie etter den første debatten i valkampen.
Foto: AARON JOSEFCZYK / ReutersHamna i skuggen av Trump
Senator Ted Cruz frå Texas er van til å vere kongen av spissformuleringar, men måtte finne seg i å hamne i skuggen av Trump i denne debatten. Men han svikta ikkje som bannerførar av Tea Party-rørsla og lova å seie sanninga til Washington-politikarar frå begge parti som har for vane å gå til sengs med lobbyistar.
Ohio sin eigen guvernør, John Kasich, er motstandar av likekjønna ekteskap. Men han hadde nettopp delteke i eit bryllaup for homofile vener, og stod fram som oppriktig då han forsikra at han ville ha elska ei lesbisk dotter like høgt.
Køyrer sololøp
Debattleiar Kelly starta det republikanske partiet sin første nominasjonsdebatt med å spørje alle kandidatane om dei kunne love å støtte den republikanske kandidaten som blir nominert, og Donald Trump var den einaste som ikkje kunne det.
Det førte til at publikummarane bua.
Elles var Jeb Bush meir oppteken over kva han hadde utført som guvernør, og viste meir til hans eigen styringserfaring i eit forsøk på å vinne tilliten til veljarane.
Debatten er det første inntrykket ein får av kandidatane om korleis dei står i forhold til dei andre. Og det er ein del forskjellar når det kjem til både utanrikspolitikk og visse nyanseforskjellar når det gjeld økonomisk politikk.
Kandidatane Marco Rubio, Jeb Bush og Ben Carson slår av ein prat under ei pause i debatten på Quicken Loans Arena på torsdag.
Foto: Andrew Harnik / ApNokre var spesielt svake, blant anna nevrokirurgen Ben Carson er svak når det kjem til politisk debatt.
Ledar på målingane
Så langt i kampen om å bli republikanarane sin kandidat, heit eigedomsmogulen Trump danka ut rivalar som har brukt årevis i politikken på å førebu seg til presidentvalet.
Han er kjent for sin eksentriske stil og for svært frie kommentarar. Mange har difor lurt på om han ville gjere tydelege feil under debatten, som vart sendt på Fox News og Facebook.
Trump fekk tidleg ei sentral rolle i ordskriftet, noko som gjorde det vanskeleg for meir tradisjonelle kandidatar som Bush å markere seg. Bush ligg som nummer to på målingane.