Hopp til innhold

Trump: – Grunnlova viser at eg har rett

WASHINGTON DC (NRK): President Donald Trump siterte grunnlova då han i dag forsvarte avgjerda si om å stengje ute menneske frå sju muslimske land. Domstolen si oppheving av dette har sett tryggleiken i USA i fare, sa han.

Donald Trump beskylte domstolene for å være politiske

VIDEO: Trump om innvandring og terror

Det var i ein tale til politileiarar at Trump trekte fram det han meiner viser klart og tydeleg at han har hatt rett heile tida, og at domstolen som sa at avgjerda hans var grunnlovsstridig, var politisk.

Trump sa at grunnlova gjer det klart at dersom presidenten meiner at ein person eller ei gruppe av menneske vil utgjere ein fare for amerikanske interesser, kan han for ein periode nekte desse tilgang til USA.

– Enkelt og vakkert

USAs president Donald Trump.

Donald Trump langa ut mot politiske juristar og domstolar i ein tale til politisjefar i dag.

Foto: Saul Loeb / AFP

– Det som står her er så enkelt, og så vakkert skrive, at sjølv ein dårleg gymnaselev vil forstå det. Juristane som vil stanse innreiseforbodet brukar argument som ikkje har noko med saka å gjere, sa presidenten.

Og han heldt fram:

– Eg lytta til høyringa i går og kunne ikkje tru mine eigne øyrer. Det ville vere så bra for rettssystemet vårt om desse juristane kunne lese og tolke lovene. Dette er ein trist dag. Tryggleiken vår er i fare, og det vil han vere heilt vil vi som bur her får det vi har krav på. Lov, orden og tryggleik.

Saka om innreiseforbodet er no til behandling ved ein ankedomstol i California, og det er venta ei avgjerd i løpet av kort tid, kanskje alt i dag.

Trump leser opp hva presidenten har makt til å gjøre når det kommer til innvandring.

VIDEO: Trump les frå grunnlova.

– Stor fare for terror

Trump sa i talen sin at han hadde lært mykje i dei første par vekene som president, blant anna at terror er ein større fare for amerikanarar enn dei trur. Og det faktum at innreiseforbodet hans er oppheva av ein føderal domstol, gjer situasjonen endå farlegare.

– Vi risikerer at personar med vonde hensikter kjem seg inn i landet. Eg var valt til president fordi eg er oppteken av tryggleik, og eg vil gi dykk tryggleik, sa Trump blant anna i talen til politileiarane.

Han rosa politiet for jobben dei gjer og lovde at ordensmakta skulle få dei ressursane som er naudsynte for å kunne gjere jobben skikkeleg. Han talte varmt om muren på grensa til Mexico, som han meinte ville hindre at både ulovlege innvandrarar og narkotika kom over grensa.

Trump utfordrer det amerikanske demokratiet

Norwegian-aksjen stiger etter ros fra Trump-administrasjonen

Gjengar og narkotika

Den nyvalde presidenten var også oppteken av valden i amerikanske storbyar, som han meinte skuldast gjengkriminalitet og narkotika.

Han trekte blant anna fram situasjonen i Chicago , der det ifølgje Trump er så ille at det ikkje kan halde fram slik.

– Vi har late altfor mange unge liv gå tapt. Ingen i USA skulle bli straffa for å vekse opp i eit nabolag som er herja av vald, sa han blant anna.

Gode nyheter om falske nyheter

SISTE NYTT

Siste nytt