NRK Meny
Normal

Trump: – Det blir eit vanskeleg møte med Kina

Neste veke møter Donald Trump Kinas president for å diskutere handel.

China US Trump Xi Jinping, Donald Trump

FØRSTE MØTE: Kinas president Xi Jinping besøker Trump neste veke.

Foto: AP

Møtet er lagt til Trumps golfklubb Mar-a-Lago 6–7. april. Det er uvisst om den kinesiske presidenten spelar golf, uansett det blir tøffe forhandlingar, skriv Trump på Twitter.

– Det vil bli eit krevjande møte med Kina, for vi kan ikkje lenger har store handelsunderskot og tap av arbeidsplassar. Amerikanske selskap må vere budde på å sjå på andre alternativ, skreiv Trump i eit par Twittermeldingar i natt.

Laster Twitter-innhold

Handelsubalansen mellom USA og Kina ser ut til å bli eit hovudtema.

Skal finne årsakene til handelsunderskotet

I dag skriv Trump under på ein ny presidentordre.

Det handlar om valløftet om å reforhandle handelsavtalar, og å verje amerikanske arbeidsplassar.

Økonomane til Trump skal granske alle land USA har handelsunderskot med. Det inkluderer Kina, Tyskland, Canada, Mexico, Sveits og Indonesia for å nemne nokon.

Laster Twitter-innhold

Målet er å avsløre land som manipulerer marknaden ved hjelp av subsidiar, overproduksjon, eller justering av valutakursane til sin fordel, sa handelsminister Wilbur Ross i dag.

USAs handelsbalanse går i minus med rundt 500 milliardar dollar, av desse har 300 milliardar gått til Kina, skriv Financial Times.

USA-TRUMP/TRADE

MEIR UT ENN INN: Ved hamna i Shanghai står containarane klar til å bli frakta ut på verdsmarknaden. Men Trump meiner det må gå litt varer motsatt veg og.

Foto: © Aly Song / Reuters / Reuters

Peikar ut Kina

Samtidig med presidentordren kjem Trump-regjeringa, via USTR, med hard kritikk mot Kinas handelspolitikk.

Kinesarane blir skulda for å forstyrre verdsmarknaden ved hjelp av subsidiar og overproduksjon.

Trump har tidlegare kritisert Kina for økonomisk manipulasjon.

Laster Twitter-innhold

Kina forsvarer seg

Kinas viseutanriksminister, Zheng Zeguang, har svart forsiktig på kritikken.

Han vedgår at det er ein ubalanse, men at dette har strukturelle årsaker. Samtidig som industrien går godt, påpeika han at Kina har handelsunderskot i tenestesektoren.

Zeguang trur situasjonen kan betrast om det blir enklare for kinesarar å importere høgteknologi frå USA, og at det blir lettare å investere i USA.

«America first»

Økonomen Alex Capri skriv i Forbes at Trumps handelspolitikk er ein slags ny-merkantilisme. Der blir handel sett på som eit null-sum spel.

Det betyr nye tollmurar og proteksjonisme.

Han som er peika ut som Trumps økonomiske sjefideolog er handelsrådgjevar Peter Navarro, som blir kalla ein «Kina-hauk».

Navarro meiner det amerikanske handelsunderskotet har ført til massive arbeidsløyse, og at den nye studien vil avsløre dette.

– Det er første gang vi ser heilskapleg på årsakene til handelsunderskotet og tapet av industribasen vår, sa Navarro på torsdag.

USA har hatt handelsunderskot sidan 70-talet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt