Hopp til innhold

Trump: – Brukte ikkje ordet «dritland»

President Donald Trump seier at han ikkje brukte ordet «dritland», med vedgår tøff ordbruk under eit møte torsdag.

Donald Trump

Donald Trump møter kraftig kritikk for tøff språkbruk.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB Scanpix

Den amerikanske presidenten har fått ramsalt kritikk etter møtet der han skal ha sagt at han heller vil ha innvandrarar frå Noreg enn frå «dritland» («shithole countries»). Både i USA, frå FN og internasjonalt har reaksjonane vore sterke.

Fredag skriv Trump på Twitter at han ikkje brukte ordet «dritland». Men han vedgår at ordbruken var tøff.

Laster Twitter-innhold

Utsegna som har vekt reaksjonar, skal ha komme under eit møte i Det kvite hus torsdag, då kongresspolitikarar tok til orde for sterkare vern for innvandrarar frå Haiti, El Salvador og Afrika, som ein del av ein tverrpolitisk avtale.

Avisa Washington Post har snakka med kjelder som har blitt orientert om møtet. Dei fortel at presidenten skal ha spurt om kvifor USA tok inn innvandrarar frå «dritland».

Kjeldene hevdar at Trump då refererte til Haiti, El Salvador og fleire afrikanske land.

Trump skriv derimot på Twitter at han aldri har sagt noko nedsetjande om folk frå Haiti. Han meiner det er oppspinn som Demokratane står bak.

Laster Twitter-innhold

– Eg har aldri sagt «få dei ut». Eg har eit flott forhold til folk frå Haiti. Eg bør kanskje begynne gjere opptak av møte i framtida. Dessverre er det ingen tillit, skriv Trump på Twitter fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt