Hopp til innhold

Trump: – Berre eg kan stanse islamsk terror

– USA har sigra over fascismen, nazismen og kommunismen. No står USA framfor ein ny trussel, islamsk terrorisme, sa Donald Trump i ein tale i Youngstown i Ohio i kveld norsk tid.

Presidentkandidat Donald Trump fokuserte på islamistisk terror da han holdt en tale om utenrikspolitikk mandag

Donald Trump presenterte i kveld programmet sitt for korleis han vil vinne krigen mot IS og andre islamske terrororganisasjonar.

Trump brukte starten på talen sin til å liste opp terroraksjonar både i USA og Europa, der islamske ekstremistar stod bak. Trump gjorde det klart at med han som president vil også islamsk terrorisme bli knust, men at det ikkje vil skje om Hillary Clinton vinn presidentvalet i november.

Han la skulda for framveksten av IS på Barack Obama og Hillary Clinton. Han viste til at før Obama kom til makta var Libya eit stabilt land og Syria var under kontroll, men at den katastrofale politikken som Obama-administrasjonen stod bak har gjort at terrororganisasjonen IS har vakse seg så sterk.

Trump beskylder Obama og Clinton for å ha «grunnlagt» IS

– Manglar moralsk ryggrad

Trump sa blant anna at Hillary Clinton var ein katastrofe som utanriksminister, og han viste spesielt til rolla ho spelte i Libya-konflikten. Han sa at den demokratiske kandidaten ikkje har det som skal til for å bli president.

– Ho manglar også den moralske ryggrada som skal til for å styre USA, sa Trump.

Trump kritiserte også den amerikanske krigføringa i Irak, som ifølgje han var ein katastrofe. Han la vekt på at han var motstandar av Irak-krigen frå dag ein, i motsetnad til Hillary Clinton.

Han sa også at måten Obama og Hillary Clinton trekte seg ut frå Irak på, var ein katastrofe.

Oljen i Irak

– Eg har sagt det før og gjentek det igjen. Vi skulle ha teke kontrollen over oljen i Irak, sa han.

Trump viste til at IS har tent store pengar på sal av olje, og at om Obama-administrasjonen hadde høyrt på han, så ville tusenvis av menneskeliv vorte sparte, og USA hadde fått store inntekter.

– Alt vi har fått av eventyra i Irak er død og øydelegging og økonomisk katastrofe. Det er på tide med ein ny kurs. Når eg blir president, så vil ideen om nasjonsbygging i utlandet bli lagt død. No er det på tide at vi startar kampen mot radikal islam, og alle som er med oss i denne kampen, blir våre vener, sa Trump i talen sin.

Den republikanske presidentkandidaten sa at han vil samarbeide med Israel, Jordan og Egypt i kampen mot IS, men også med Russland.

Republikanernes dilemma: Skal de bryte med Trump?

– Samarbeid med Russland

Tidlegare har Trump sagt at Nato ikkje vil vere så viktig for USA, men i kveld sa han at han vil samarbeide tett med Nato i kampen mot IS og andre organisasjonar som Al Qaida og Hizbollah. Han vil også arrangere ein internasjonal konferanse om kampen mot terror.

Trump kom også med sterk kritikk av atomavtalen med Iran, og åtvara om at Iran har ambisjonar om å bli ei verdsmakt.

Han varsla også strengare innvandringspolitikk, og sa at berre menneske som deler dei amerikanske verdiane vil få kome inn i landet. Han sa også at han vil stanse bruken av Internett som propaganda for islamsk terror, og at hans administrasjon vil bruke alle middel i denne krigen.

Terror-kommisjon

– Vi vil kjempe mot IS med militære styrkar, med datateknologi og med ideologisk og finansiell krigføring, sa Trump blant anna.

Han lovde i talen, at straks han var på plass i presidentstolen, så skal ha setje ned ein kommisjon som skal vurdere tiltak mot islamsk terror og dei som støttar radikal islam i USA.

Han sa også at fangeleiren Guantánamo på Cuba skal halde fram, og han gjorde det klart at menneske frå ein del regionar i verda ikkje skal få kome inn i USA. Han vil ha ein lagt grundigare bakgrunnssjekk av menneske som vil inn i USA. Han lovde å gjennomføre det han kalla ei «ekstrem utsiling».

70 republikanere krever kutt i Trumps pengestøtte

Dette har Donald Trump endret mening om

SISTE NYTT

Siste nytt