Boeing-fabrikken seier at dei ikkje har inngått nokon avtale om å byggje nye presidentfly.
Boeing har ifølgje Trump starta bygginga av eit heilt nytt Boeing 747 til bruk for framtidige presidentar. Men det har vorte dyrare enn rekna med, over fire milliardar dollar. No vil Trump avbestille, noko som igjen førte til at verdien av Boeing-aksjane fall på børsane.
– Eg vil at Boeing skal tene pengar, men ikkje så mykje, seier Trump.
Planen til US Air Force har vore å byggje om to Boeing 747 jumbojetar til flygande kommandosentralar var til ein pris på tre milliardar dollar, rundt 25 milliardar kroner, fram til 2021.
Symbol på makt
Dei legendariske kvite og lyseblå presidentflya, med United States of America på flykroppen og med det amerikanske flagget på halen, har vore eit symbol på USA som ei verdsmakt.
Dei to noverande flya er frå 1990, så Det kvite hus meinte det var på tide med ei utskifting. No kan det sjå ut til at Donald Trump ikkje vil prioritere dette.
Trump har sitt eige fly, men det er uklart om han har tenkt å bruke det eller dei eksisterande presidentflya når han tek over Det kvite hus i januar.
– Ingen kontrakt
Talsmann for Boeing-fabrikken, Todd Blecher, seier på si side at dei ikkje har inngått ein kontrakt på å byggje to nye presidentfly.
– Vi har ein kontrakt med flyvåpenet 180 millionar dollar på å avgjere kva teknisk utstyr eit nytt presidentfly skal ha, seier han.
Ein talsmann for Det kvite hus seier at ei del av det Donald Trump har sagt om avtalen med Boeing ikkje er i samsvar med den avtalen forsvarsdepartementet har inngått med flyfabrikken.