Trump seier nei til kongresshøyring – drar til Nato-møte i staden

USAs president Donald Trump vil ikkje delta i kongresshøyringane om riksrett mot han som startar onsdag.

Donald Trump i presidenthelikopteret

President Donald Trump fotografert søndag på veg tilbake frå eit besøk på West Palm Beach i Florida. Same dag har rådgjevarane hans gitt beskjed til justiskomiteen i Representanthuset at han ikkje vil delta under høyringane om riksrett som startar onsdag.

Foto: Luis M. Alvarez / AP/NTB Scanpix

Trump vart førre veke offisielt invitert til å delta i høyringane mot han. Søndag kveld opplyste advokaten hans at Trump ikkje ville delta.

– Vi kan ikkje med rimeleg grunn forventast å delta i ei høyring medan vitna enno ikkje er namngjevne og det er uklårt om justiskomiteen vil sikre presidenten ein rettferdig prosess gjennom ytterlegare høyringar, skriv Pat Cipollone i Det kvite hus i eit brev til den demokratiske leiaren av komiteen i Representanthuset, Jerry Nadler.

– Under dei noverande omstenda har vi derfor ikkje til hensikt å delta i høyringa onsdag, skriv Cipollone.

Det var på førehand venta at Trump ikkje ville delta på høyringa sjølv om han fekk invitasjonen. Den 4. desember har presidenten planlagt å delta på Nato-toppmøtet i London.

I høyringane som startar onsdag skal mellom andre juristar som er ekspertar på grunnlova uttale seg om det juridiske grunnlaget for riksrettsprosessen.

Høyringane vil gå føre seg samstundes som etterretningskomiteen er venta å legge fram ein rapport som inneheld eit samandrag av bevisa mot Trump.

SISTE NYTT

Siste nytt