– Eg kallar det superduper-missilet.
– Og eg høyrde for litt sidan at det blir 17 gonger så raskt som det dei har no, sa Trump då han fredag avduka flagget til den nye Romstyrken.
Romstyrken (Space Force) er ei ny, eiga forsvarsgrein i det amerikanske militæret.
Nytt våpenkappløp
Utviklinga av ein hypersonisk rakett er det siste teiknet på eit nytt internasjonalt våpenkappløp.
Russland kunngjorde nyleg at dei har utvikla eit missil som kan utrustast med ein kjernefysisk ladning og flyge over 20 gonger så fort som lyden.
Også Kina arbeider med å utvikle hypersoniske missil – ikkje så raske som dei russiske, men raskare enn noko USA har i dag.