Hopp til innhold

Trump vil ha etterretningsagentane tilbake på skulebenken

USAs president Donald Trump er ikkje nøgd med vurderingane til etterretningstenestene sine om Iran og Nord-Korea. Kanskje agentane bør tilbake på skulebenken, skriv han på Twitter.

USAs president Donald Trump.

USAs president Donald Trump kjem med sterk kritikk av sine eigne etterretningstenester. Han skuldar dei for å ta feil blant anna om Iran.

Foto: Alex Edelman / AFP

Den nasjonale etterretningsdirektøren Dan Coats gjorde det i går klart at Nord-Korea etter alt å dømme ikkje kjem til fjerne alle atomvåpena sine eller kapasiteten til å produsere slike våpen. Han sa at leiarane i Nord-Korea verkar å rekne atomvåpenarsenalet som heilt avgjerande for at landet skal overleve.

Etterretningssjef Dan Coats.

USAs president Donald Trump er ikkje nøgd med rapporten til etterretningssjef Dan Coats.

Foto: Joshua Roberts / Reuters

Han sa også at terrororganisasjonen IS framleis er ein stor trussel, og at dei har fleire tusen krigarar under sin kommando. Dette er i strid med det presidenten tidlegare har sagt om at IS har tapt i Syria.

Trekte seg frå Iran-avtale

CIA-sjef Gina Haspel sa også i går at det verkar som om Iran etterlever atomavtalen, sjølv om USA trekte seg frå denne i mai i fjor.

Trump har tidlegare sagt at Nord-Korea ikkje lenger utgjer ein atomtrussel, samt at IS er slått i Syria. Trump brukte dette som grunngjeving for å trekkje dei amerikanske styrkane ut av det krigsherja landet.

CIA-sjef Gina Haspel.

CIA-sjef Gina Haspel meiner Iran etterlever atomavtalen, men president Donald Trump meiner det er naivt å tru det.

Foto: Jose Luis Magana / AP

I dag har president Trump brukt Twitter til å fortelje at etterretningstenestene tek feil, og at dei som jobbar der kanskje bør tilbake på skulebenken. Han seier at då han starta som presidenten, så skapte Iran bråk og uro over heile Midtausten. Han viser også til at landet så seint som sist veke testa rakettar.

– Etterretningstenestene ser ut til å vere ekstremt passive og naive når det gjeld Iran. Dei tek feil. Kanskje etterretninga bør tilbake til skulen, skriv han i dag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Kim Jong-un og Donald Trump.

Kim Jong-un og Donald Trump under det første toppmøtet. Det kan bli eit nytt møte mellom dei to i løpet av februar.

Foto: Saul Loeb / AFP

– Djup splid

Dette er ikkje første gongen Donald Trump har kritisert sine eigne etterretningstenester. Likevel blir det lagt merke til at kritikken frå presidenten er svært sterk, og at kritikken blir offentleggjort på eit medium med breitt nedslagsfelt.

Kjelder i det amerikanske tryggingsapparatet seier til nyheitsbyrået AFP at kritikken tydeleg viser den djupe spliden det er mellom Det kvite hus og leiarane for dei viktigaste etterretningsorgana.

Donald Trump har planar om eit nytt toppmøte med den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un i løpet av februar. Målet hans er å få til ein avtale om at Nord-Korea skal kvitte seg heilt med atomvåpena sine.

Nye USA-sanksjoner mot Iran møtt med protester