Hopp til innhold

Trump vil bygge hage med statuar av «nasjonale heltar»

Den amerikanske presidenten går igjen hardt ut mot demonstrantar som riv ned statuar.

Trump taler ved Mount Rushmore

NÅDELAUS KAMPANJE: Trump meiner USA er vitne til ei nådelaus kampanje, der «sinte mobbar» prøvar å utrydde landet si historie.

Foto: Alex Brandon / AP

Planane om hagen kjem fram i ein ny presidentordre. Trump omtala også planane i talen sin ved Mount Rushmore natt til laurdag.

Presidenten har fleire gongar uttalt seg kritisk til at statuar har vorte rivne ned i dei massive demonstrasjonane i USA den siste tida.

– Å øydeleggje eit monument er å skjende vår felles arv, heiter det i ordren.

Trump brukte også delar av talen natt til laurdag til å gå hardt ut mot demonstrantane. Mellom anna omtala han demonstrantane som «sinte mobbar» som prøvar å rive ned statuar av landet sine grunnleggjarar.

– Nasjonen vår er vitne til ei nådelaus kampanje som prøver å utrydde historia vår, sverte heltane våre, viske ut verdiane vår og indoktrinere borna våre, sa han frå talarstolen.

Opnast innan seks år

U.S. President Trump and first lady Melania Trump attend South Dakota's U.S. Independence Day Mount Rushmore fireworks celebrations at Mt. Rushmore in South Dakota

MONUMENT: Trump omtala planane sine framfor det kjende monumentet Mount Rushmore.

Foto: Tom Brenner / Reuters

No har det vorte sett ned ei ny arbeidsgruppe som innan 60 dagar skal legge fram planar for hagen, mellom anna kvar den skal ligge. Parken skal etter planen opnast innan 4. juli 2026. Dette vil vere 250-årsjubileet for underteikninga av sjølvstendeerklæringa.

I ordren heiter det at hagen skal innehalde statuar av «historisk signifikante amerikanarar». Tidlegare presidentar, borgarrettsforkjemparar og misjonærar vert nemnde som eksempel.

– Ingen vil ha levd perfekte liv, men alle vil vere verd å ære, hugse og studere, skriv Trump i ordren.

Det vert og spesifisert at hagen skal innehalde statuar av ei rekkje namngjevne personar. Blant desse er mellom andre George Washington, Ronald Reagan og Martin Luther King jr.

Columbus kan òg dukke opp

Hagen kan òg inkludere statuar av personar som ikkje var amerikanske borgarar, men som gjorde «betydelege historiske bidrag» til utviklinga av landet. I denne samanhengen vert mellom andre Kristoffer Columbus nemnd som ein det kan kome statue av.

Statuar av nettopp Columbus har ved fleire tilfelle vorte rivne ned av demonstrantar. Ei statue av Columbus i St. Paul i Minnesota vart erstatta med ein plakat med teksten: «Columbus representerer folkemord».

I tillegg til Columbus har mellom anna fleire statuar av generalar som kjempa for sørstatane under den amerikanske borgarkrigen vorte rivne ned. Desse vert ikkje spesifikt nemnde i den nye presidentordren.

Også i fleire andre land har statuar vorte rivne eller fjerna som følgje av demonstrasjonar den siste tida. Mellom anna vart ei statue av slavehandlaren Edward Colston kasta på sjøen i Bristol i England. I Antwerpen i Belgia vart ein statue av kong Leopold II fjerna etter at demonstrantar helte måling over den.

Statuen til Christofer Columbus ble revet ned i Minnesota

COLUMBUS: Denne statuen av Kristoffer Columbus vart riven ned i St. Paul i juni.

Foto: Evan Frost / AP

SISTE NYTT

Siste nytt