NRK Meny
Normal

Trump utnemner svigersonen til toppjobb

USAs påtroppande president Donald Trump seier i kveld at han vil utnemne svigersonen Jared Kushner (35) til sin seniorrådgjevar

Jared Kushner og Donald Trump.

Jared Kushner (t.h.) spelte ei sentral rolle i valkampen til Donald Trump.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Det var venta at Trump ville gi Kushner ei sentral stilling i administrasjonen sin, men det har lenge vore uklart kva rolle han skulle få. Utnemninga kan skape problem opp mot dei amerikanske anti-nepotismelovene.

New York Times melder at det enno ikkje er avgjort kva tittel Kushner skal få. Ei kjelde i overgangsteamet til Trump har stadfesta at svigersonen vil bli utnemnd, ifølgje NBC.

Seint i kveld stadfestar Donald Trump utnemninga, melder AFP.

Sentral i valkampen

Ivanka Trump, Jared Kushner.

Ivanka Trump og Jared Kushner like etter at det var klart at Donald Trump hadde vunne presidentvalet.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Jared Kushner er gift med eldste dottera til Trump, Ivanka, og han var sentral i arbeidet for å få Donald Trump valt til USAs president gjennom si rolle i valkampapparatet.

Til liks med svigerfaren er Kushner ein suksessfull eigedomsutviklar i New York. Han driv eigedomsselskapet Kushner Companies, som er ei familieverksemd, samstundes som han er ansvarleg utgivar av vekeavisa New York Observer.

Kjelder i Trumps overgangsteam seier i kveld til Reuters at Kushner vil trekkjer seg frå desse stillingane.

USA har strenge lover som skal hindre at presidenten skal kunne utnemne nære slektningar i administrasjonen sin. Ifølgje Reuters er den såkalla «anti-nepotism law» (anti-nepotismelovene) klar på at nære slektningar ikkje kan tenestegjere i Det kvite hus.

Kushner har vore nemnt som ein mogleg stabssjef i Det kvite hus, og han har vore trekt fram som Trumps fredsmeklar mellom Israel og palestinarane .

Her er mannen som kan bli Trumps fredsmegler i Midtøsten

Juridisk hjelp

New York Times melder at Kushner no arbeider tett saman med advokatane sine om å finne ein måte å distansere seg frå familien sine forretningsverksemder, om han skulle få ei rolle i Trump-administrasjonen.

Ein av advokatane til Kushner opplyser at hans klient vil rette seg etter USAs etiske lovverk, og at han har søkt råd hos dei aktuelle styresmaktene om kva han må gjere.

Donald Trump sjølv har sagt at han skal trekkje seg ut av familieselskapet Trump Organization, som består av rundt 500 selskap, før han tek over som president 20. januar. Det er likevel uklart kva som ligg i dette, for det er lite truleg at selskapa vil gå ut av familien.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt