Hopp til innhold

Trump-tweet: Står fast på at han vann valet

«Han vann i auga til falske nyheitsmedium. Vi kjem til å vinne», skriv president Donald Trump i ei melding på Twitter.

President Donald Trump

President Donald Trump.

Foto: Tom Brenner / Reuters

Den første Twitter-meldinga søndag morgon amerikansk tid førte til spekulasjonar i amerikanske medium, som Politico og The Hill. Det var første gong Trump omtalte Biden som vinnar av valet.

Han skreiv: «Han vann fordi valet var manipulert. Ingen valobservatørar slapp til, stemmer i tabellform blei levert av eit privateigd venstreradikalt selskap, Dominion, med eit dårleg rykte og utstyr som ikkje ein gong kunne kvalifisere for Texas (som eg vann med god margin!)».

Laster Twitter-innhold

Kort tid etter kom det nye meldingar frå presidenten.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Der skriv Trump at «han vann i auga til falske nyheitsmedium», og at «valet var manipulert». Han skriv også at «vi har ein lang veg å gå».

Donald Trump har til no ikkje erkjent at Joe Biden vann valet. Søndag skriv han at «vi erkjenner ingen ting».

Twitter merkte alle meldingane med at påstandane om valjuks er omdiskuterte.

Eric Trump, kona og Trump-kampanjens advokat Rudy Giuliani møtte i kveld pressen i Pennsylvania. De mener demokratene jukser og kommer til å saksøke for ikke å få se poststemmene.

Trump sine advokatar har gått til søksmål i fleire statar for å stoppe statane frå å godkjenne valresultata. Dagen etter valet møtte Rudy Giuliani og Eric Trump pressa i Pennsylvania.

Foto: Matt Slocum / AP

306 valmenn til Biden

Det formelle valet, der valmennene frå dei ulike statane stemmer, finn stad 14. desember. Men ut frå dei tala som er lagt fram til no, er Biden klar vinnar.

Fredag kom det nye tal frå Edison Research. Dei viste at Biden vann i Georgia og Trump i Nord-Carolina. Det var dei to siste statane som det mangla endelege tal for.

Det gir eit endeleg resultat på 306 valmenn for Joe Biden, mens Trump har 232. Det krevst 270 valmenn for å vinne.

Førebur seg på at Trump skal halde fram

Men i Det kvite hus førebur dei seg på at Trump skal halde fram som president. Det stadfesta Trump sin handelsrådgjevar Peter Navarro fredag.

Trump kommenterte ikkje valresultatet då han hadde pressekonferanse seinare same dag. Men han uttalte seg slik at det blei oppfatta som eit signal om at han ikkje utelukka ein annan president etter 20. januar: « ... vi får sjå kva som skjer i framtida. Tida vil vise kva administrasjon det blir».

SISTE NYTT

Siste nytt