Hopp til innhold

Trump trur samtaler med Iran er rett rundt hjørnet

Iran har gjort det klart at dei berre vil forhandle med USA om dei sluttar opp om atomavtala, men president Donald Trump trur likevel at det snart vert samtaler.

Donald Trump

President Donald Trump talte på eit valkampmøte i Florida tysdag. Her sa han at han trur at USA og

Foto: Evan Vucci / AP

– Eg har på følelsen at dei vil snakke med oss veldig snart. Men kanskje ikkje, og det er også ok. Eg håpar det ordnar seg med Iran. Vi har mange vanskar akkurat no, sa Trump på eit valkampmøte i Tampa i Florida.

I mai bestemte Trump seg for å trekkje USA frå den internasjonale avtala om Irans atomprogram, og han kunngjorde at han i staden vil innføre strenge økonomiske sanksjonar mot Iran.

Måndag denne veka opna Trump for å forhandle med Iran, men iranarane har så langt vore tydelege på at dei ikkje er interesserte i noko møte.

Sanksjonar eller dialog?

– Herr Trump! Iran er ikkje Nord-Korea som takkar ja til ditt tilbod om eit møte. Ikkje eingong presidentar etter deg vil sjå den dagen kome, sa general Mohammad Ali Jafari, ifølgje det iranske nyheitsbyrået Fars.

Tilbodet frå Trump står i sterk kontrast til USAs nye sanksjonar og varsla om straff mot land som handlar med Iran, seier talsmann for Irans utanriksdepartement, Bahram Qasemi.

Han meiner at Trump må vise at han meiner alvor før det har noko poeng med samtaler.

– Sanksjonar og press er akkurat det motsette av dialog. Korleis kan Trump overtyde den iranske nasjonen om at han er oppriktig, og at dette forslaget ikkje berre er for å få merksemd om seg sjølv?, spurte Qasemi.

Trump og Rouhani

TRUMP OG ROUHANI: Den siste tida har USAs president Donald Trump og Irans president Hassan Rouhani kome med skarpe stikk og trugslar mot kvarandre.

Foto: Nicholas Kamm Ho / AFP

Trugslar og ordkrig

Tidlegare denne månaden har Trump kome med ei rekke åtvaringar og trugslar mot Iran og president Hassan Rouhani. Med store bokstavar på Twitter bad Trump Rouhani om «å aldri, aldri truge USA igjen».

– Elles vil du lide konsekvensar som få opp gjennom historia, skreiv Trump.

Laster Twitter-innhold

Denne meldinga kom dagen etter at Rouhani hadde truga med oljeblokade, og sagt at «ein krig med Iran ville vore alle krigar si mor».

Generalmajor for den iranske revolusjonsgarden, Qasem Soleimani, svarte Trump med nye trugslar.

– Vi er nær deg, der du ikkje eingong kan førestille deg. Kom. Vi er klare, sa Soleimani i ei tale, ifølgje Reuters, som siterer nyheitsbyrået Tasnim.

Kan bli historisk

Etter dei krasse ordutvekslingane seier iranske styresmakter at dette ikkje er rett tid å forhandle med USA på, spesielt ikkje sidan Trump tilbyr samtaler utan å ha ei plan.

Ali Motahari, som er visepresident i den iranske parliament, meiner det ville vere audmjukande å forhandle med Trump no.

Skulle Rouhani likevel velje å møte Trump, ville dei begge skrive historie. Det ville ha blitt det første møte nokosinne mellom ein amerikansk president og presidenten for den islamske republikken.

SISTE NYTT

Siste nytt